korleis vernar vi barna mot skadeleg design og innhald?
NRK med to brot på allmennkringkastingsoppdraget i 2023 |
NRK oppfylte i det store og heile allmennkringkastingsoppdraget i 2023, men klarte ikkje krava om 25 prosent nynorsk og jamlege program for unge på samisk. NRK må oppfylle om lag 50 krav til programverksemda, og Medietilsynet vurderer kvart år korleis allmennkringkastaren leverer på oppdraget sitt. NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på kvar av dei tre medieplattformene sine, men hadde i 2023 framleis for lite nynorsk på radio og nett. Kravet om 25 prosent nynorsk blei dermed berre oppfylt på tv. NRK har aldri oppfylt nynorskkravet på nett, og frå 2019 til 2023 har det heller ikkje vore nok nynorsk på radio.
Frå 2023 har NRK fått styrkt språkoppdraget sitt med eigne krav om innhald på teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk, i tillegg til innhald på norsk og samisk. Samla tydeleggjer dei nye språkkrava ansvaret NRK har for å vere ein fellesarena som reflekterer at Noreg rommar eit mangfald av identitetar og kulturar, også språkleg. – NRK er ein viktig språkberar, og derfor har Medietilsynet gjentatte gonger løfta betydninga av at NRK styrkar nynorskbruken i tilbodet sitt, seier direktør Mari Velsand.
Les heile allmennkringkastingsrapporten for NRK i programåret 2023 her |
|
|
Lotto-trekningen på NRK er ikkje reklame |
NRKs sendingar med Norsk Tippings pengespel blir ikkje rekna som marknadsføring og er derfor lovlege. Dette er konklusjonen til Medietilsynet etter å ha vurdert om Lotto-, Vikinglotto- og Extratrekningene bryt kringkastingslova. Det utanlandske online-pengespillselskapet Kindred Group hadde bede Medietilsynet om å vurdere om desse sendingane utgjer marknadsføring og dermed bryt regelen i kringkastingslova om at NRKs verksemd ikkje kan finansierast gjennom reklame.
– Vår vurdering er at disse programmene er redaksjonelt begrunnet. NRK har heller ikke mottatt betaling for å vise sendingene, men har, slik Medietilsynet ser det, betalt markedspris for visningsrettighetene, sier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
Les heile pressemeldinga om lottosendingane her |
|
|
Skadeleg design og innhald – korleis beskytter vi barna på nett? i |
Korleis bidreg skadeleg og manipulerande design til å spreie skadeleg innhald til barn og unge? Korleis blir meningane deira påverka? Og korleis kan barns rett til informasjon, tankefridom og deltaking vegast opp mot kravet til vern på nett? Dette er spørsmål som blir diskutert på Medietilsynets arrangement 13. August.
Barn og unge bruker mykje tid på nettet, og store delar av kvardagen oppheld dei seg i ein verkelegheit skapt av store teknologiselskap. Mange av desse selskapa har eit design som er laga for at brukarane skal ha mest mogleg tid framfor skjermen. Innhaldsalgoritmar basert på profilering gjer også at barn og unge får eit avgrensa bilete av verkelegheita. På arrangementet legg Medietilsynet fram nye tal om bruken til barn og unge av sosiale medium og eksponering for skadeleg innhald, frå rapportane Barn og medier 2024 og Foreldre og medier 2024.
📍 Kulturkammeret, Arendal
📅 13.08.2024 09:00-10:00
Les meir om arrangementet og meld deg på her |
|
|
|