| Fleire direktorat samarbeider for større tryggleik på nettet
Sju direktorat, med Medietilsynet i spissen, skal framover jobbe tettare saman for å sikre at barn og unge er trygge på nettet. – Vi veit at internett er ein stor og viktig del av kvardagen til barn og unge i dag. Derfor må vi jobbe betre saman for at den digitale oppveksten blir så trygg som mogleg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.
Direktoratgruppa følger opp den nasjonale strategien for ein trygg digital oppvekst, «Rett på nett», som blei lansert hausten 2021.
Les heile saka her |
|
|
| Digital oppvekst må bli tatt på alvor Medverknad frå barn og unge er viktig når Medietilsynet skal bidra til å gjennomføre den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst.
1. juni var representantar frå barne- og ungdomsorganisasjonar inviterte til Kulturhuset i Oslo for å kome med innspela sine. Vi ville høyre kva utfordringar barn og unge møter i sin digitale oppvekst, og kva som kan løyse utfordringane. Ni barne- og ungdomsorganisasjonar gav innspel.
– Det blei uttrykt ønsker om meir kompetanse i skulen og til lærarar, meir forsking på feltet, eit strengare lovverk for å sikre rettsvernet til barn på ein betre måte, fortel Lea Mariero (bildet), rådgivar innan barn og medium i Medietilsynet. Vidare i innspela blei det mellom anna etterlyst fleire statlege og kommunale tiltak, slik som fleire spelhus, eit eige dataspelinstitutt og handlingsplanar mot kroppspress. |
|
|
| Kinofilm-distributørene skal sette aldersgrenser på filmene sine selv
Stortinget har vedtatt at distributørene får ansvaret for å sette aldersgrense på kinofilmer. Hittil har dette vært gjort av Medietilsynet. – Vi har tatt initiativ til denne endringen, og mener dette er en nødvendig modernisering av regelverket, sier direktør Mari Velsand.
Les hele saken
|
|
|
Samiske aviser kan søke om 39 millionar kroner – frist 10. juni |
Støtteordninga for samiske aviser skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet, og er retta mot aviser som har den samiske befolkninga som viktigaste målgruppe.
Les meir om ordninga og søk her |
| Nominer ein journalist til menneskerettsprisen |
Kulturdepartementets menneskerettspris for journalistar går til ein journalist som i særleg grad har satt søkelys på aktuelle menneskerettsspørsmål i Noreg. Alle kan foreslå kandidatar til prisen innan 15. august. Neste vinnar blir offentleggjord til hausten.
Les meir og nominér ein journalist her |
|
|
|