Pressekonferanse og digital sending: |
NRKs bidrag til mediemangfaldet
29. november klokka 10 legg Medietilsynet fram rapporten «NRKs bidrag til mediemangfaldet» på Pressens Hus i Oslo. Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Kulturdepartmentet og blir overrekt kulturminister Anette Trettebergstuen. Medietilsynets direktør Mari Velsand presenterer hovudfunn. Arrangementet blir sendt direkte på nett.
Les meir her |
|
|
Deling av nakenbilder er ulovleg sjølv om du er mindreårig – høgsterett opprettheld dom mot 13-åring |
Høgsterett opprettheld ein dom der ein gut på 13 år fekk mobilen inndratt
på grunn av at han hadde delt nakenbilder av ei jamnaldra jente. Dommen frå tingretten blei anka, men Høgsterett meinte at dommen skulle stå - og i dommen står det at "inndraging av mobiltelefonen vil, etter synet mitt, vera eit godt eigna tiltak når telefonen er nytta til innehaving og distribusjon av bilete som seksualiserer born".
Å bli spurt om å dele nakenbilde av seg sjølv, og det å dele nakenbilde vidare, skjer blant unge tenåringar. Barn og medium 2020 viser at 46 prosent av 13–18-åringane har blitt spurt om å sende eller dele eit nakenbilde av seg sjølv. Andelen aukar med alder, og det er fleire jenter enn gutar som blir spurde. 12 prosent av 13–18-åringane har i løpet av det siste året sendt eller delt eit nakenbilde av seg sjølv. Medietilsynet oppmodar foreldre til å ta opp temaet med barn tidleg, gjerne før tenåra. Vi har laga ein samtaleguide både for "nakenbildepraten" og "pornopraten"
for å gjere det lettare å snakke saman om det som kanskje ikkje er eit naturlig samtaleemne. Samtaleguidane er baserte på at vaksne skal vere trygge og ikkje-dømmande, og gir oversikt over kva som er lov og ikkje lov, og kvar du kan få hjelp. |
|
|
Podkast: Hva slags innhold er det ulovlig å dele på nett – og hvordan forebygge at det skjer? |
Straffeloven ble nylig endret for å tydeliggjøre regelverket for urettmessig deling av bilder, filmer og lydopptak av krenkende eller privat karakter. Hva slags innhold er det egentlig som rammes av disse lovbestemmelsene? Og hvordan oppleves det for dem som opplever at denne type innhold blir spredd på nett?
Det snakker vi om i denne utgaven av Den norske mediepodden. Deltakere er advokat John Christian Elden, politioverbetjent Hanne Andreassen i Kripos og it-sikkerhetskonsulent Mia Landsem. Denne episoden ble først publisert 21. juni 2021. |
|
|
Arrangement og digital sending: |
Norsk mediestøtte: Korleis sikre mediemangfaldet? Er mediestøtta tilpassa den rivande utviklinga i mediebransjen? Finst det udekte støttebehov i mediebransjen i dag? Bør media få meir i støtte?
Dette er blant spørsmåla Medietilsynets rapport svarer opp når
Medietilsynet legg fram rapporten "Dei direkte mediestøtteordningane" 8. desember. Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Kulturdepartementet. Medietilsynets direktør, Mari Velsand, presenterer hovudfunna og legg fram konkrete tilrådingar til korleis mediestøtta bør fordelast i åra framover. Tid: 8. desember 2021, klokka 10:30
Stad: Litteraturhuset, Wergelandsveien 29, 0167 Oslo
Les mer og meld deg på. Arrangementet blir også sendt digitalt
|
|
|
Frist for å søke støtte til lokalkringkasting 2. desember |
På grunn av endringar i konsesjons- og reklamereglane på FM blir søknadsfristen for støtte til lokalkringkastarar utvida. Tilskottsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og biletmedia har i samfunnet.
|
|
Søk innovasjons- og utviklingsstøtte for medier innen 15. desember |
Medietilsynet skal fordele 20,9 millionar kroner i innovasjonsstøtte i 2022. Små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium blir prioriterte når støtta skal fordelast.
Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling hos nyheits- og aktualitetsmedium.
|
|
|
|