Nytt fagseminar om korleis me kan hindra utanforskap i gaming og filmframsyning av «Ibelin»
Nytt seminar om utanforskap i gaming og visning av filmen Ibelin |
Kva bør vaksne som jobbar med barn vita om dataspel for å bidra til ein inkluderande dataspelkultur for barn og unge? Kva betydning har dataspela for sosiale relasjonar? Og korleis kan fagpersonar i hjelpeapparatet ta i bruk dei positive moglegheitene i spelinga til dei unge?
Dette er nokre av spørsmåla som vil bli tekne opp på fagseminaret om dataspel og utanforskap i Oslo den 12. mars. Her vil også den kritikarroste filmen Ibelin bli vist.
Sjå programmet og og meld deg på dette utruleg viktige seminaret her |
|
|
Ni tips til hvordan logge seg på barnas digitale liv |
Med den aukande bruken av sosiale medium og internett – korleis kan me som vaksne, og spesielt foreldre, tilnærma oss samtalar om dei digitale farane og utfordringane barn og unge møte i sosiale medium? Korleis kan me vera til stades der vaksne ikkje blir invitert inn?
Line Indrevoll Stänicke, førsteamanuensis ved Psykologisk institutt på Universitetet i Oslo og Lovisenberg sjukehus, deler ni tips til vaksne som ynskjer å få barna til å dele meir om den digitale kvardagen sin.
Les Lines tips her |
|
|
Medietilsynet har ansvar for ei rekkje støtteordningar og regelverk, og fører tilsyn med desse. I 2023 gjennomførte Medietilsynet totalt 36 tilsynsaktivitetar. Flest aktivitetar var knytt til kringkastingsregelverket. Det vart avdekt fleire brot på desse reglane enn på andre område. Medietilsynet erfarer at det ofte er rask feilretting frå norske TV- og strøymetenester ved oppdaging av regelbrot, men ser også gjentekne brot på dei same reglane.
Les rapport om heile tilsynsåret her |
|
|
|