Nyheitsbrev for Utvalde kulturlandskap i jordbruket
Her kan du lese om ein del av det som har skjedd i dei utvalde områda sidan sist, frå nord til sør i landet: skjøtsels- og istandsettingstiltak, samlingar og arrangement og andre hendingar. Vi ynskjer alle våre lesare ein god sumar!
Jubileumssamling – Utvalde kulturlandskap i jordbruket er 15 år!
Dette skal markerast med ein jubileumssamling på Gran på Hadeland 6. september. Formålet med samlinga er å feire at satsinga er 15 år, synliggjere resultat, hylle det gode arbeidet i områda og spreie kunnskap om ordninga.
Målgruppa er grunneigarar og drivarar i dei 51 utvalde kulturlandskapa, og forvaltninga knytt til landbruk, natur og kulturmiljø kommunalt, regionalt og statleg. Statsrådane fra Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet deltar.
Om du er grunneigar eller drivar i eit UKL-område og vil bli med på feiringa, ta kontakt med kommunen din for å høyre om du kan bli med. Kvart UKL- område kan delta med to representantar.
På Hestøygården i Alstahaug har de vært travelt opptatt med lamming i vår. Og det er ikke bare i fjøset det kommer nytt liv til verden. Utegangersauen, eller gammelnorsk sau, lammer nemlig ute på beitet. Les mer her
VESTLAND
LÆRDAL
Godkjend tiltaksplan for UKL Lærdal
Tiltaksplan for Utvalde kulturlandskap UKL Lærdal 2024-2027, er no godkjend av Formannskapet i Lærdal kommune. Les meir og sjå planen her:
INNLANDET
STØLSVIDDA
Kjempar for det dei har kjært: – Stølen har djupe røter i norsk kultur og historie
Tidligere i år ble to flotte filmer fra UKL-området ferdige og klare for visning. Filmen "Levende landskap" forteller om det unike kulturlandskapet på Jomfruland og Stråholmen som generasjoner har vært med på å forme. I filmen "Villsauen og ulla" får vi blant annet høre om produktivt samarbeid i Telemark – i UKL-området Jomfruland og Stråholmen produserer 50 villsauer ull som Telespinn i UKL-området Hjartdal og Svartdal spinner til flott garn! Se filmene som ligger nederst på sidene til Jomfruland nasjonalpark her
Det er mange verneverdige og nokre freda bygningar i UKL-områda i Agder. Nokre av desse er sett i stand, men det er også mange viktige verneverdige bygningar som forfell. UKL-kommunane i Agder fekk orientering om tilbodet til byggeskikk- og bygningsvernsentera til fylkeskommunen.