Helsing frå kommunedirektøren
Vi blir fleire i Aukra kommune
Som kommunedirektør er eg like spent kvar gong befolkningstala kjem frå Statistisk sentralbyrå (BBS). Tala per 1. januar 2024 kom for berre nokre dagar sidan. Fasiten var at det då var 3 678 innbyggarar, ei auke siste året på 24 innbyggarar. Tala på kvar krins i kommunen visar at heile auka kom på Julsundet.
Eg må innrømme eg hadde venta større auke i folketalet, sett i lys av at vi også tek imot mange flyktningar. Eg har før sagt at målet bør være å få 4000 innbyggarar, og held på det. Men korfor? Er det so viktig, da? Er ikkje det viktigaste at vi gir gode tenester for dei som allereie bor her? Jo, men dette heng nøye saman. Vi treng vekst i folketalet for å ha ei god miks mellom barn, yrkesaktive og eldre. Skal vi vokse må vi være attraktive. Mange ting gjer ein stad attraktiv. Her vil eg trekke fram næringsutvikling, sentrumsutvikling og bustadutvikling.
I kommunen jobbar vi aktivt med dette, saman med politikarar, innbyggarar, næringslivet, Aukra næringsforum og diverse aktørar/interessentar. Blant anna skal vi legge fram ei bustadpolitisk plan før sommaren. Det gler vi oss til!