Kjære medarbeidarar i Den norske kyrkja 2023!
Det finnes en dyrebar rose
som aldri skal visne hen,
den trosser all frost på jorden
og blomstrer og blomstrer igjen.
(Svein Ellingsen, Norsk salmebok 2013, 103)
Vi gir gjerne bort ein blomst til jul. Vakre, livskraftige og fargerike blomster er det fint å gi bort.
Når dagane er korte og mørke, då treng vi teikn på liv og glede. Det er gode teikn på familierelasjonar, eller på forhold mellom gode kollegaer.
Eg ville gjerne gi ei rose til alle de som er medarbeidarar i kyrkja vår. Eg har den glede å møte ganske mange i løpet av eit år. Men ikkje alle. Og eg kan ikkje få sendt ein fysisk blome til dykk alle. Men likevel vil eg nytte dette høvet til å få sagt at eg vert glad og stolt ved tanken på alle som gjer ein innsats i alle dei oppgåvene som skal fyllast frå dag til dag og veke til veke.
Mange av dykk har ekstra mange oppgåver no i adventstida og i jula, med ekstra gudstenester, konsertar, besøk på skular og andre institusjonar, i tillegg til gravferder, undervisning, og alt det som skal skje. Kyrkjehusa skal vere varme, i stand og i orden. Mykje skal ordnast før året er omme.
«Det finnes en dyrebar rose». Slik startar ein svært vakker salme som no er kome inn i salmeboka. Den er ikkje ein julesalme, i vanleg forstand. Likevel kan vi svært gjerne synge den før jul, i jula, og etter jul. Betlehem blir nemnt. Men det er rosa som er temaet i heile salmen. Som i andre julesalmar er det brukt som eit bilete på det juleevangeliet handlar om.
Det finst ei dyrebar rose. Ho blomstra der det var krise, heiter det i salmen. Rosa blomstra i Betlehem. Og i desse tider tenkjer vi på dei som lever i Betlehem og i områda rundt som er i ei enorm krise. Det pregar oss alle når vi no skal feire jul. Vi får gjere det i takk for det vi har fått frå Betlehem og Jerusalem, og i solidaritet med alle som har ufattelge lidingar akkurat no.
Vi gjer det fordi vi trur akkurat denne rosa frå Betlehem kan bløme igjen og igjen. Også i vår tid, i vår verd, i våre liv:
Den blomstrer fremdeles i verden
og dufter av sommer, til trøst
for alle som bøyes av smerte
i jordlivets nakne høst.
Å, brennende rose som blomstrer
i kulde og smerte og savn!
Å, hellige tegn på jorden! Guds kjærlighet er dens navn.»
Dette er det vi formidlar vidare som kyrkja, også denne jula. Når folk får kome til eit kyrkjehus, synge kjente salmar, og høyre ord som gir liv.
Velsigna juletid!
Helsing preses Olav Fykse Tveit