I morgon kl. 09.00 er det allmøte for alle tilsette i Den norske kyrkja.
Allmøte: Gode erfaringar med drop-in-dåp |
I morgon kl. 09.00 er det allmøte for alle tilsette i Den norske kyrkja. Eit av tema er drop-in-dåp. Stadig fleire kyrkjelydar testar ut drop-in-dåp, der store og små kan verte døypt. Heilt enkelt – like stort. Mange har gode erfaringar. I både bygd og by kan ein oppleve unge og gamle som ynskjer å verte døypt. Ein av dei er Marit Espedalen som er soknepresten i Tysnes på vestlandet, som opplevde dette under drop-in-dåp i fjor.
Andre tema på allmøtet er om økumenikk og Norges kristne råd som feirar 30 år i år. I tillegg vil du få høyre meir om organisering, statistikk og Ansatt- og organisasjonsregister.
Allmøtet startar kl 09.00 og varer inntil ein halv time. Du finn direktesending og opptak på ressursbanken.no/allmøte. |
| |
| Påskekampanjen 2023 har starta |
Denne veka og i påskeveka annonserer Den norske kyrkja i sosiale medier for å invitere til arrangement i påska. Annonsene viser til skjerikyrkja.no. Legg difor alle arrangement i kyrkjelyden ut på skjerikyrkja.no. Del gjerne videosnuttar og bilete i eigne kanalar. Les meir om kampanjen i ressursbanken. |
|
|
| Samråd om ny organisering |
– Samråd mellom bispedømmeråd, fellesråd og sokneråd i bispedømmet er eitt steg på vegen for å binda oss saman i kyrkja, sier Ellen Wisløff, leiar i Færder kirkelige fellesråd og kontaktperson for fellesrådsleiarane i Tunsberg bispedømme.
|
|
|
| Ferske tal tilgjengeleg i «Kyrkja vår» |
Tal frå 2022 er no inkludert i statistikken fra soknets aktiviteter i «Kyrkja vår – samla plan for arbeidet i soknet». Dermed kan soknerådet, stabsmøtet, kyrkjelydsmøtet eller andre møtepunkter se sammen på korleis t.d. dåps- og konfirmasjonstall har utvikla seg i soknet dei siste åra. Har du enno ikkje skaffa tilgang til «Kyrkja vår»? |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
"Fellesskap i forskjellighet – hvordan ta ulikhet på alvor?" er tema for årets konferanse på Diakoniens dag. Temet er i kjernen av rolla kyrkja og diakonitenesta har i dagens velferdssamfunn. |
| Konfirmant-kampanje i gang no |
Akkurat no går det nasjonale annonsar i sosiale medier og nettaviser som promoterer konfirmasjon i kyrkja. Difor er det tid for å oppdatera lokal påmeldingsinformasjon på nettsider og gjera andre tiltak for å invitera nye ungdommar til konfirmanttid. I Ressursbanken finn du info om kampanjen. |
|
Det er innspurt i nominasjonsarbeidet til sokneråd over heile landet. I Bodø ligg kyrkjelyden Rønvik, og der har godt og målretta arbeid gitt fyldig liste til kyrkjevalet i år. |
|
| |