Her kjem viktig og nyttig informasjon til deg som er medarbeidar i kyrkja
Sjå allmøtet frå 28. februar i opptak |
Onsdag i førre veke deltok preses Olav Fykse Tveit på allmøtet for alle tilsette i Den norske kyrkja. Han er styreleiar for kyrkjebevaringsprogrammet og fortalde om kva tid det vil vere mogeleg å søkje om støtte til prosjekt og om korleis formidlings-delen av bevaringsstrategien er viktig for alle tilsette i kyrkja.
I opptaket får du også høyre viktig informasjon fasteaksjonen, der Vipps ikkje kan gje daglege tal på soknenivå. Du får også høyre om kvifor marknadssjefen i Kirkens nødhjelp meiner fasteaksjonen er så viktig for konfirmantane. Neste allmøte er 20. mars. |
|
|
| Påskeforteljing for heim og kyrkjelyd |
Lydias påske er ei forteljing om påske som er tilgjengeleg for dei fleste, i form av høyrespel, film og tekster. I tillegg finner du meir inspirasjon til aktivitetar som passer for heimen eller i kyrkjelyden, samt gudstenestemateriell. |
|
|
| Vil styrke samisk kyrkjeliv |
Eit utval har vurdert korleis samisk kyrkjeliv kan bli styrka i Den norske kyrkja. Dei anbefaler blant anna å opprette nye kategorialmenigheter og at samiske perspektiv må bli inkludert på alle nivå. |
|
|
| Klar for konfirmasjonskampanje? |
Etter påske startar vår-kampanjen for konfirmasjon. Gjer deg klar til kampanjen ved hjelp av desse ressursane. Her finner du huskeliste for arbeidet, videoar, kampanjeinformasjon og trykksaker m.m. |
|
|
| Evaluering av kyrkjevalet |
No er evalueringa frå kyrkjevalet 2023 klar. Evalueringsrapporten er skriven av administrasjonen i Kyrkjerådet og skal handsamast på kyrkjerådsmøte denne veka. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Dei kristne i Israel og Palestina vert ramma hardt av terrorangrepet og krigen i Gaza. Den norske kyrkja si søsterkyrkje ber nå om vår støtte. Kyrkjelyder i Den norske kyrkja vert oppfordra til å finne rom for et offer til Den lutherske kyrkje i Jordan og det heilage land. |
|
Salmer til faste- og påsketid fra salmedatabasen |
Da Salmeboka blei utgitt i 2013, blei det også vedtatt at ein digital salmedatabase burde supplere salmeboka. I denne ressursen finner du forslag til salmar frå denne salmedatabasen som kan passe i faste- og påsketida. Kanskje vil dere prøve ut en eller flere nye salmer denne fasten og påsken?
|
| Gode prosjekter for økt samarbeid lokalt |
12 prosjekter har fått midlar for å jobbe med lokal organisasjonsutvikling. Søknadene om å få tilskot viser at fleire jobbar både innovativt og systematisk med å få til økt samhandling, samleiing og samarbeid i hele kyrkja, som lever opp til Kyrkjemøtet sitt vedtak om at dette må vokse fram nedanfrå. |
|
|
Tilskot til tiltak for å styrke barn og unge sitt eierskap til kyrkjelyden sin misjonsavtale
Søknadsfrist 30. april. Les meir om tilskotet her |
|
|
|