I dag, 6. februar er det samane sin nasjonaldag, også kalt Samefolkets dag.
Lihkku beivviin! Vuorbbe biejvijn! Læhkoeh biejjine! |
I dag, 6. februar er det samane sin nasjonaldag, også kalt Samefolkets dag. Det er ein merkedag som kyrkja markerer med eigne tekstrekker og eiga bøn for dagen.
På nettsidene til Samisk kyrkjeråd kan du finne vegleiing og aktuelle ressursar for å markere dagen. Det kan vere å seie nokre liturgiske ledd, synge salmar eller lese bibeltekst på eit av dei samiske språka.
Skal du ha samlingar med born og unge er det fleire måtar å markere nasjonaldagen på. Sjå ressursar i Ressursbanken her. |
|
|
|
Flexid – fleksibel identitet – er eit kurskonsept som gjer deltakarane medvitne på kjensler som oppstår når kulturelle verdiar og praksisar møtest. Overordna tema er mangfaldskompetanse og livsmeistring. Det nye Flexid-kurset for kyrkjelege tilsette tematiserer også tru, livssyn og identitet. Kurset utforskar korleis kyrkja kan skape trygge rom med gjensidig anerkjenning og respekt. |
|
|
| Kirkens Nødhjelp: nytt kurs til sokneråd og diakoniutvalg |
Visste du at Den norske kyrkja er oppdragsgjevar for Kirkens Nødhjelp? Alle tilsette og frivillige med verv i sokneråd eller diakoniutval i Den norske kyrkja er anbefalt å ta eit kort kurs for å lære meir om Kirkens Nødhjelp og kyrkja sin relasjon til organisasjonen. |
|
|
|
Bispemøtet inviterer til Olavstipendseminar på Kirkens hus i Oslo måndag 12.februar kl. 12-13.45. Seminaret blir sendt også på Teams. Brita Hardeberg, mottakaren av Olavstipendet for 2023, presenterer prosjektet sitt om arbeidsrettleiing i Den norske kyrkja. | |
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Gøy å få sette retning på noko heilt nytt! |
Leiarane i det nyoppretta "Råd for personar med funksjonsnedsetjingar i Den norske kyrkja" blei valt fredag 2. februar. Leiarduoen representerer Døvekyrkja og Mental helse og skal leie det rådgivande arbeidet for ei meir inkluderande kyrkje. |
| Digitalt angrep mot Svenska kyrkan |
I november vart Svenska kyrkan utsett for eit alvorleg digitalt angrep. Les kva som vert gjort for å beskytte Den norske kyrkja mot digitale truslar – både lokalt og nasjonalt. |
| Drop-in-bryllup 14.februar |
1. februar 2024 starta kampanjen for drop-in-bryllaup. Planlegg de drop-in-bryllaup 14. februar eller andre datoar i løpet av 2024, kan de dra nytte av kampanjen ved å leggje inn informasjon om dykkar arrangement på skjerikyrkja.no. Tiltaket fekk svært gode tilbakemeldingar frå brudepar, tilsette og lokalsamfunn over hele landet i 2023. Skal de prøve i år? |
|
|
Tilskudd til tiltak for å styrke barn og unges eierskap til kyrkjelydens misjonsavtale
Søknadsfrist 30. april. Les meir om tilskotet her. |
|
|
|