Nytt år gjev høve til å oppsummere og reflektere over mykje av kyrkjelyden sitt arbeid i fjor, mellom anna ved å sjå på årsstatistikken
Nytt år gjev høve til å oppsummere og reflektere over mykje av kyrkjelyden sitt arbeid i fjor, mellom anna ved å sjå på årsstatistikken. Skjemaet er sendt ut av SSB og fristen er 22. januar.
– Lokalt kan det kanskje vere vanskeleg å sjå verdien av timar med rapportering. Men om du loggar inn i det digitale verktøyet «Kyrkja vår – samla plan for arbeidet i soknet», vil du kunne sjå kyrkjelyden sin statistikk og utvikling over tid, seier kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen.
– Når vi ser på alle tala samla på nasjonalt nivå, får vi også eit godt bilete av kva som skjer – og korleis utviklinga er. Styresmaktene og media spør stadig etter tal, fakta og utviklingstrekk for det som skjer i kyrkjelydane – og kva pengane vert nytta til. Vit at dei innrapporterte tala bidreg til å oppretthalde støtta til kyrkja – både økonomisk og politisk! Det er fleire endringar i SSB-skjemaet i år, både endra oppdeling og nye spørsmål. Difor er det tilrådd å sjå ekstra nøye på SSB si vegleiing til utfylling av statistikkskjemaet, før du startar. |
|
|
| Oppdater medlemsregisteret før 12. januar |
Kyrkja sitt medlemsregister må vere oppdatert og korrekt. Siste frist for å legge inn kyrkjelege handlingar og gåver som kan utløse skattefrådrag er 12. januar 2024. |
|
|
| Den nye passordpolicyen til kyrkja aukar tryggleiken. Les meir om kva innverknad dette får for deg og korleis du kan lage sterke passord her. |
|
|
| Presentasjon av resultat frå medarbeiderundersøkinga |
Onsdag i neste veke vert dei nasjonale resultata frå medarbeiderundersøkinga i haust presentert. Sjå gjerne presentasjonen i samband med gjennomgang av lokale resultat. Det vert høve til å stille spørsmål. Presentasjonen fylgjer du på kyrkja.no/allmøte, onsdag 17. januar kl 09.00. |
|
|
| Søk om støtte til organisasjonsutvikling |
Kyrkjerådet har lyst ut midlar til å stimulere til samarbeid mellom fellesråd og mellom fellesråd og bispedømeråd – med mål om ei betre lokal organisering. Søknadsfristen er 31. januar. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Mange fleire på julaftangudsteneste i domkyrkjene |
Julaftangudsteneste i domkyrkjene har fått eit solid oppsving i talet på besøkande. Det viser førebelse tal som Kyrkjerådet har henta inn. I snitt auka besøket med ni prosent. |
| Oslobiskop Kari Veiteberg varslar avgang |
Biskop i Oslo Kari Veiteberg går tilbake til jobben som bymisjonsprest i Tøyen kirke. Ho avsluttar tenesta som biskop 17. desember 2024. Då har ho vore øvste leiar for Oslo bispedømme i syv år.
|
| Tildelte midlar til utvikling av pedagogiske opplegg |
Kyrkjerådet har delt ut midlar til opplegg om kristendommen si påvirkning på norsk samfunn og kultur gjennom tusen år.
|
|
|
|