Nyheitsbrev Senteret for et aldersvennlig Norge juni 2023
20.06.2023
Påmelding og program
Sammen for et aldersvennlig Norge 2023
27. september inviterer vi til den nasjonale konferansen "Sammen for et aldersvennlig Norge" på Scandic Hell.
Vi meiner samarbeid er den nye konkurransen og løftar fram møteplassar som bidrar til samarbeid og samskaping – mellom menneske, sektorar og på tvers av generasjonar.
Fleire spennande namn og verksemder vil dele sine erfaringar frå scena. I tillegg skal kreativiteten og evna til samskaping prøvast ut i ein workshop med alle som sit i salen.
Benken er eit lågterskeltiltak som ikkje treng å koste så mykje, men som kan vere starten på utviklinga av eit aldersvennleg nærområde. Etter initiativ frå nettverksommunar i Rogaland er det laga ei merkeordning for benkar som er produsert etter kriteria for aldersvennlege benkar. I mai blei den første benken avduka i Randaberg kommune.
Alle eldreråd i landet får tilbod om opplæring i aldersvennleg utvikling
Frå 2024 får landets eldreråd moglegheita til å utforske sentrale tema og saker som bidreg til meir aldersvennlege lokalmiljø. Gjennom ein kombinasjon av digitale modular og fysiske samlingar er målet å gjere dei nyvalde medlemma trygge i rolla som eldreråd, samt sikre ei sterkare stemme i saker som påverkar eldre.
Nav Hjelpemidler og tilrettelegging blir samarbeidspartnar
Foto: Centre for Ageing better
I eit aldersvennleg Noreg skal vi kunne halde oss aktive, delta saman med andre og bu heime i eit tilgjengeleg nærmiljø så lenge som mogleg. Derfor er vi glade for å ha NAV Hjelpemidler og tilrettelegging med på laget. Det ligg mange spennande høve til samarbeid i dette partnarskapet.
− Legg eldrebølgen død! Det er samfunnet vårt vi snakker om, understreka statsminister Jonas Gahr Støre da han presenterte regjeringens nye eldrereform "Fellesskap og meistring – Bu trygt heime" 16. juni.
Rådet for et aldersvennlig Norge ber kommunar og fylke om å starte prosessen med val av kandidatar til eldreråda tidleg. I eit brev til kommune- og fylkesdirektørane understrekar dei behovet for ei mangfaldig samansetjing av råda, med personar som bringer ulik erfaring og bakgrunn. Eldre sjølve blir anerkjent som avgjerande bidragsytarar og ressursar for å skape eit aldersvennleg samfunn.
Informasjonskampanjen Planleggelitt.no inneheld filmar, artiklar og ulike bodskap som kommunane står fritt til å bruke. Vi er glade for å sjå at det allereie er mange spennande måtar dei gjer det på. Eit eksempel er Voss herad og eldrerådet som inviterte innbyggjarane til ein engasjerande temakveld med tittelen "Planleggja litt".
Vi arrangerer ein spennande verkstad med Frivillighet Norge på Arendalsuka. Der skal me sjå nærare på løysingane for å rekruttere og mobilisere eldre i frivilligheita. I tillegg deltek vi på fleire arrangement i regi av våre partnarar og andre aktørar.