Mange stader er det lagt planar om å invitere til drop-in-dåp, open dåpsdag og dåpsfest i mai og juni.
Legg dåpsarrangement i skjerikyrkja.no |
Mange stader er det lagt planar om å invitere til drop-in-dåp, open dåpsdag og dåpsfest i mai og juni. Dersom din kyrkjelyd skal arrangere drop-in-dåp er det viktig å publisere dette på skjerikyrkja.no.
Frå 8. mai vil det vere nasjonale, digitale annonsar på Snapchat, Instagram og Facebook som peikar til skjerikyrkja.no. Difor er det viktig at alle dåpsarrangement vert lagt inn denne veka, seinast fredag 5. mai. Du kan publisere arrangement via skjerikirken.no/portal eller Medarbeideren/Kardinal.
For at det skal kome med i oversikta må formuleringa drop-in-dåp vere med i tittelen eller omtalen av arrangementet. Les meir om publisering av arrangement på ressursbanken.no/skjerikirken. Opne dåpsdagar med overskrifta Heilt enkelt – like stort er eit supplement til dåp i hovudgudstenesta. I ressursbanken ligg råd for planlegging og gjennomføring, erfaringar, bilete til fri bruk og postar til sosiale medier. |
| |
|
Skal du i gang med Teams, eller ønskjer du å bruka det meir aktivt i arbeidskvardagen? Då kan du delta på digitale drop-in på onsdagar klokka 14 i mai og juni. Me oppmodar deg til å delta saman med kollegaer. Meld deg på via ressursbanken. Tilbodet er for alle tilsette i Den norske kyrkja. |
|
|
|
I dag, 2. mai, er fristen for å godkjenne og kunngjere vallister til kyrkjevalet i haust. Sjå opptak av allmøtet der du vil få informasjon om kva som er viktig i dei komande periodane. Mellom anna supplerande nominasjon, kandidatinformasjon til valmodulen, førehandsstemming, brosjyrar og kampanje. |
|
|
| Samisk kyrkjeråd 2024-2028 treng deg! |
Kyrkjelydar over heile landet kan foreslå kandidatar til Samisk kyrkjeråd. Fristen er utsett til 2. juni. Det er også fristen for å foreslå samiske kandidatar til Nord- og Sør-Hålogaland bispedømeråd. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Tilsetjingar i Den norske kyrkje: Offentlege søkjerlister og partsinnsyn |
Kyrkjerådet og KA har laget felles tilrådingar om offentlege søkjarlister og partsinnsyn ved tilsetjingar i Den norske kyrkja. Det blir jobba med ei meir fyldig rettleiing som etter planen er klar før sommarferien. |
| – Ein skål for konfirmanten |
Den kommande tida er det mange som skal konfirmerast i kyrkja. – La oss utbringe ein alkoholfri skål for konfirmanten, skriv Den norske kyrkja, Norges kristne råd og Av-og-til i eit felles innlegg. |
| Stabile søkjertal til teologi |
Søkjertala til høgere utdanning viser at søkjnga til å bli prest ligg stabilt. |
|
| |