Fristen for å registrere søknad om produksjonstilskot del 1 er 15. mars. Det er husdyrprodusentar som skal registrere søknad ved denne søknadsomgangen. Søknaden må sendast elektronisk via altinn. Har du spørsmål til ordninga så ta kontakt med landbrukskontoret.
I samband med at skogbrukssjef Per Ekre nyleg gjekk av med pensjon så har Lom og Skjåk kommunar vedteke ei ny løysing for felles skogbruksjefressurs ved landbrukskontoret. Fram til ny skogbrukssjef blir tilsett vil Kari Hånsnar fungere i stillinga. Har du planar om skogsdrift, planting, ungskogpleie eller tiltak knytt til skogsvegar så ta kontakt med Kari.
Søk SMIL-midlar og tilskot til tiltak i beiteområde
Har du planar om å restaurere eit gamalt hus, rydde eller gjerde inn gamalt beiteområde? Eller går du med tankar om å gjennomføre tiltak i beiteområde som sankekve, saltsteinautomatar eller liknande? Da er det mogleg å søke om SMIL-midlar eller tilskot til tiltak i beiteområde. Søknadsfristen for desse ordningane er 1. juni, og det kan vere lurt å sette seg inn i søknaden allereie no.
Landbrukskontoret inviterar i samarbeid med trafikksikkerheitsutvalet i Skjåk til kurs i lastsikring torsdag 17. mars. Teoretisk del på kommunehuset i Skjåk kl. 12.00 med påfølgjande praktisk del på bilopphuggeriet. Det blir enkel servering på kurset. Påmelding til Erling Dagsgard, tlf 909 99 496.
Kurs i fornybar energi 24. mars
Er du nysgjerrig på bruk av bioenergi og solenergi i landbruket? Da bør du melde deg på kurs på Fossberg Hotell torsdag 24. mars kl. 18.00 - 21.00. Det er Energigården som står for kurset. Påmelding til post@energigarden.no innan 21. mars. Deltakaravgift: kr 500 per deltakar. Klikk her for kursprogram.
Avløysarkurs for ungdom
Helga 19. og 20. februar gjennomførte landbrukskontoret saman med gode bidragsytarar eit teoretisk avløysarkurs for ungdom i Lom og Skjåk. Totalt 10 ungdommar i alderen 15-20 år deltok på kurset. Vi håpar at gardbrukarane i Lom og Skjåk vil ta i mot desse arbeidsvillige ungdommane på praktisk opplæring, og oppmodar til å ta kontakt med landbrukskontoret eller avløysarlag for nærare avtale.
Inspirasjon frå Nord-Østerdalen
Saman med ei gruppe produsentar reiste vi den 24. februar til Tynset og Vingelen for å sjå på byggeløysingar til mjølkeku og ammeku. Rådhuset Vingelen v/Olav Østigård stod for opplegget, og i løpet av dagen rakk vi omvising i 4 ulike fjøs, vi vart orientert om solenergi av EnergiPluss, og vi fekk smake på lokalmat av beste sort. Vi har mykje til felles med landbruket her, og håpar å bygge vidare på dette regionale samarbeidet i framtida.