Måndag 6. februar er det samane sin nasjonaldag, også kalt Samefolkets dag.
Lihhku beivviin! Gratulerer med dagen! |
Måndag 6. februar er det samane sin nasjonaldag, også kalt Samefolkets dag. Det er ein merkedag som kyrkja markerer med eigne tekstrekker og eiga bøn for dagen. Dette kan skje i kyrkja på sjølve dagen eller på gudsteneste søndagen før.
På nettsidene til Samisk kyrkjeråd kan du finne vegleiing og aktuelle ressursar for å markere dagen. Det kan vere å seie nokre liturgiske ledd, synge salmar eller lese bibeltekst på eit av dei samiske språka.
Skal du ha samlingar med born og unge er det fleire måtar å markere nasjonaldagen på. Sjå ressursar i Ressursbanken her. |
| |
Les sakene frå førre nyheitsbrev |
I førre veke vart nettsida kyrkja.no oppgradert. Les meir her. Det gjorde at lenkene frå nyheitsbrevet 19. januar ikkje fungerte som dei skulle. Du kan lese alle sakene frå nyheitsbrevet her: |
|
|
| Tilgjengelighetserklæring |
Frå 1. februar må alle nettsider i kyrkja ha fylt ut tilgjengelighetserklæring. Det er laga felles erklæring og framgangsmåte for kyrkja.no-nettsider. I tillegg er det laga rettleiingar for andre nettsideleverandørar. Les meir om kva du som publiserer på nettsider (uavhengig av leverandør) må gjere, i ressursbanken. |
|
|
| Kommunikasjonsplan kyrkjeval |
I september er det kyrkjeval. Valstyra bør setje opp ein plan for kommunikasjonsarbeidet. I valhandboka er det anbefalt å gjere dette innan 1. februar, men ein kan gjere det seinare enn det. I ressursbanken ligg det enkel mal for kommunikasjonsplan, saman med oversikt over det som er planlagt nasjonalt. |
|
|
| Kan vi som kyrkje utrydde fattigdom? |
Norske kyrkjelydar kan bidra med å styrke kyrkjer og lokalsamfunn i heile verda, men å utrydde fattigdom er ikkje så lett. Uansett er det eit godt bidrag å delta i aksjonen Saman som kyrkje i heile verda, for saman kan mange nok kyrkjelydar bidra til mindre fattigdom! |
|
|
|
Onsdag 25. januar var det allmøte for alle tilsette i kyrkja. Eit av temaene var høge prisar på straum og korleis ein spare gjennom å senke brukstemperatur og samle aktivietar til same dag. – Målet er å få på plass ei ny støtteordning, sa seniorrårdgjevar i KA Martin Stærk på allmøtet. Andre tema var dåp, drop-in-bryllaup, mangfald og kyrkjeleg organisering. |
|
|
| Kurs i etablering av demenskor |
17. mars vert det dagkurs i etablering og leiing av demenskor, på musikkhøgskulen i Oslo. Kurset gjev demens- og musikkfaglege råd om etablering, leiing og praktisk gjennomføring. Det krevst ingen forkunnskapar, men det kan vere ein fordel med erfaring frå arbeid med song og musikk. |
|
|
Rom for kultur – Hvor gode og tilrettelagte lokaler har Den norske kirke for sin kulturvirksomhet?
Tidspunkt: 2. februar 2023 kl 09.00 Les meir og meld deg på her |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Styrkjer kyrkjevalkampanjen – utan fysiske valkort |
I 2023 er det digital førehandsstemming og nasjonal dag for fysisk førehandsstemming 31. august. I staden for valkort, vert kyrkjevalkampanjen styrka. Valhandboka er oppdatert. |
|
Digital førehandsstemming blir løfta opp |
Valkampanjen i 2023 vil i stor grad bli digital og skal vera godt synleg. Kyrkjerådet vedtok i desember kyrkjevalbudsjettet for neste år. I staden for valkort skal det vert det meir på kampanje og annonsering, særleg knytt til digital førehandsstemming. |
| Drop-in-bryllaup valentinsdagen |
Kan me som kyrkje ta større eigarskap til valentinsdagen tysdag 14. februar? Kyrkja er for mange den aller beste ramma rundt ekteskapet, der paret seier ja til kvarandre, framfor presten, og i Guds hus. Men å gifta seg på ein tysdag, går det an, då? |
|
| Adgang til å vektleggje samlivsform
Høyringsfrist 15. mars. Les meir om høyringa her.
Forskrift om reglar for val av Kyrkjerådet, tilhøyrande endringar i kyrkjeordninga og endring i forskrift om reglar for Kyrkjerådets verksemd Høyringsfrist 15. mars. Les meir om høyringa her. |
|
|
|
|