På tide å gjere klart materiell til valting og kommunikasjon
Materiell på plass før ferien |
No er tida her for å gjere klart materiell til førehandsstemming og valting. Plakatar til vallokal ligg tilgjengeleg på fleire språk, og rettleiingar for både digitalt og fysisk val ligg klart til utskrift. Informasjonsskriv om kyrkjeval kan de tilpasse og dela ut i postkasser i heile soknet, dei ligg føre på bokmål og nynorsk. |
|
|
| Sjekkliste for førehandsstemming |
Førehandsstemminga startar 10. august, både digital og på papir. Valstyret får tilsendt stemmesetlar for val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet, men må ordna anna materiell sjølv. Kapittel 7 og 8 i valghåndbok 1 gjer greie for kva som trengs og korleis ein skal arrangere valet. Rettleiingane 7.9.3 og 7.9.4 handlar om førehandsstemming, og 8.8 og 8.8.2 om valtinget. |
|
|
|
All informasjon om kandidatar og tid og stad for valet skal no vere lagt inn i valmodulen av dei med ansvar for dette. Denne og neste veke er tida for å sjekke at alt er i orden, og er det ikkje det, må de kontakte Kyrkjerådet for å få låst opp valmodulen for det enkelte sokn. Les meir under menypunktet Forhåndsvisning digivalg. |
|
|
| Om PC i vallokala ved digital førehandsstemming |
Tidlegare har det vore skrive at ein kan tilby såkalla herda pc i vallokalet under den digitale førehandsstemminga. Dette blir no ikkje tilrådd, då dette er teknisk krevjande å setje opp. Veljarar som i vallokalet vil orientere seg om dei ulike listene og kandidatane, må gjera det på eigen telefon. |
|
|
Viktige oppgåver og fristar |
Husk dette: - Sjekk digital førehandsstemming i valmodulen, det må gjerast i uke 24 og 25
- Gjer klar til førehandsstemming på papir frå 10. august
I juni: -
15. juni bestemme om veljarane skal få moglegheit til å stemme i alle sokna innafor fellesrådsområdet
- 30. juni skjeringsdato for manntalet
- i løpet av juni må stemmemottakarar oppnevnast
- i løpet av månaden skal valstyrer ha mottat stemmesetlar til val av bispedømeråd og Kyrkjemøtet
|
|
|
Nyhetsbrevet sendes til alle påmeldte som ønsker siste nytt om kirkevalget 2023. Vil du melde deg av nyhetsbrevet? Trykk her |
|
|
|