Nyheitsbrev frå Aukra kommune |
|
|
Kan du tenke deg å vere meddommar? |
Aukra kommune skal velje meddommarar for perioden 1. januar 2025 til 31. desember 2028. Fristen for å melde seg som meddommar er 1. april 2024. Kommunestyret vel meddommarane seinast 13. juni 2024.
Aukra kommune treng medommarar til både tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten, og skal foreslå skjønnsmedlemmar som vert vald av fylkestinget. Ein meddommar dømmer i ein til tre straffesaker eller sivile saker årleg, saman med andre meddommarar og fagdommarar.
Meddommarane skal representere alle delar av befolkninga og det er difor viktig at dei i størst mogleg grad gjenspeglar kommunen sine innbyggjarar - både i alder, utdanning, etnisk bakgrunn og kultur. Kven kan vere meddommar? Du må: - vere folkeregistrert i Aukra kommune
- vere over 21 og under 70 år ved valperiodens start 1. januar 2025
- snakke og forstå norsk
- vere statsborgar i Noreg eller eit anna nordisk land, eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra
- ha plettfri vandel
- ha normal digital kompetanse
Nokre yrkesgrupper kan ikkje vere meddommar. Nokre straffereaksjonar fører også til at du ikkje kan vere meddommar. Er du interessert? Send inn interesseskjemaet innan 1. april 2024. |
|
|
|
Har du utkledningsklede som du ikkje treng lenger? Barnebo barnehage tek gjerne imot! |
Barnebo barnehage ønskjer å fornye utkledningskleda til karnevaldagane sine. Dersom du har noko som du kan tenke deg å donere til barnehagen, blir dei veldig glad. Døme på utstyr - Fargerike klede
- Store smykke i plast
- Kostyme (ønske om dyr)
- Skjørt, kjolar, sko
-
Hanskar, hattar, sjal
- Solbriller, vesker, hjelmar eller liknande
Du kan levere utstyret på Barnebo barnehagen, gjerne innan 5. februar. |
|
|
| Digital kafé og Digihjelpen våren 2024 |
Kommunen tilbyr
digital hjelp på biblioteket. Dette er eit lågterskeltilbod der du kan få hjelp til enkle ting. Om digihjelpa ikkje kan svare på dine spørsmål, kan du ta med deg spørsmåla til digital kafe som blir arrangert same dag, men til anna klokkeslett. Dato, tid og stad for digihjelp Måndagar kl. 12-14 på biblioteket, i tidsrommet 15. januar til 18. mars. Ønskjer du å lære meir om korleis du brukar ein mobiltelefon, PC eller nettbrett? Om du vil vere med på ein sosial ettermiddag med kaffi, vaflar og gode samtalar, då er
digital kafé noko for deg. Det blir lagt opp til eit tema kvar gong. Du kan kome kvar gong eller når det passar best. Dato, tid og stad for digital kafé Måndagar kl. 14-16 på Aukra kulturhus ved Soltun scene, i tidsrommet 15. januar til 18. mars. |
|
|
Informasjon om ulike stønader du kan søke på framover: |
|
|
Tilskot til arrangement og prosjekt Det er eit prosjekttilskot, som kan gå til - arrangement
- utbygging
- oppussing
- vedlikehald.
Søknadsfrist 1. mars. |
|
TIlskot frå kontantkassa Tilskotet skal bidra til at alle barn og unge kan delta i minst ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon. Ordninga gjeld for barn og unge i Aukra i alderen 6-18 år. Du kan søke heile året. |
| Tilskot til rusfrie arrangement for barn og unge Frivillige lag og organisasjonar med aktivitet i Aukra kommune, kan søke. Aktiviteten må vere rusfrie og knytt til barn og unge, som til dømes ein ungdomskveld.. Du kan søke heile året. |
|
|
| Politiet øver på Gamle Fiskarfagskole |
Politiet har leidd Fiskarfagskolen og skal bruke bygget for å øve. Øvingane vil foregå innandørs og halde fram til våren. Det vil vere både aktivitet og politibilar rundt Fiskerfagskolen. |
|
|
| Helsing frå ordføraren Viktig med eit allsidig, attraktivt og framoverlent næringsliv.
I Aukra kommune er vi heldige som har eit allsidig, attraktivt og framoverlent næringsliv. Saman med Arnt Sommerlund, dagleg leiar i Aukra Næringsforum, har vi laga ei plan der vi fram til slutten av april skal besøke 19 ulike næringslivsaktørar i kommunen vår. Dette for å bli betre kjent med dei ulike aktørane i næringslivet og ikkje minst fange opp signal i forhold til kva Aukra kommune og Aukra Næringsforum kan bidra med for å støtte næringslivet og dermed bidra til vidare næringslivssatsing.
Bedriftene vi har besøkt så langt har frå 1 til 270 ansatte. Fellesnemnaren er vilje til å satse, nytenkning og det å bidra til attraktive arbeidsplassar. Næringslivet ønskjer at kommunen skal vere ein god tilretteleggar og effektiv sakshandsamar i for eksempel reguleringssaker. Dei er og opptatt av bustadbygging og gode og nok barnehageplassar. Frå Aukra Næringsforum forventar dei god rådgjeving og at Aukra Næringsforum disponerer gode støtteordningar. I februar 2023 vedtok Aukra kommunestyre ein strategisk næringsplan. I september 2023 formulerte kommunestyre eit oppfølgingsvedtak til denne planen. Vi ønsker blant anna å tilrettelegge for næringsliv innanfor energi- og sjønært areal, nye næringsareal og møteplassar og vi satte av 4 millionar kronar til stimulerinsgsfond. Nyskapningen Romjulstreff 2023 er eit godt døme på ein ny møteplass mellom ungdomar og næringsliv i kommunen vår.
Å ha eit attraktivt og framoverlent næringsliv er avgjerande med tanke på den vidare utviklinga av kommunen og ikkje minst med tanke på kva ungdomane våre tenker om eiga framtid. På bakgrunn av dette er derfor dialogen mellom næringslivet, Aukra Næringsforum, det politiske og administrative miljø og folket i kommunen avgjerande for ein fortsatt attraktiv kommune og eit aktivt næringsliv i vekst og utvikling. |
|
|
Livsløpsutvalet og drift- og arealutvalet har skifta namn Kommunestyret har vedtatt at begge utval skal skifte namn. -
Livsløpsutvalet har fått namnet Utval for helse, omsorg og kultur
- Drift- og arealutvalet har fått namnet Utval for teknisk, miljø og næring
|
|
Stikk UT Vinter I perioden frå 15. desember 2023 og til 15. april 2024 er det ein ny vintersesong for Stikk UT! - 159 skiturar og 233 fotturar i Møre og Romsdal
- Nytt i år: Stikk UT! Saman. Ta fem turar i lag med ein turvenn og vinn flotte premiar.
|
|
|
| Våre publiserte nyheitsbrev |
Du finn våre tidlegare nyheitsbrev på Aukra kommune si heimeside. |
|
|
| På kommunen si heimeside finn du oversikt over våre arrangement. Arrangement i februar - Digitalhjelp på måndagar kl. 12-14 på Aukra bibliotek
- Digital kafé på måndagar kl. 14-16 på Aukra kulturhus
-
Laurdagskafé held fram ved ulike lag og organisasjonar
- Kunstutstilling i Liljå i biblioteket sine opningstider fram til 27. februar
- Kino annakvar søndag kl. 17 og 19
- Foredrag om Melchior Ramus, Gossingen som vart Noregs første kartograf 5. februar kl. 19
-
Teatret vårt kjem til kulturhuset med stykket Til oss - fra de eldste 13. februar kl. 19
- Konsertar 2., 17. og 22. februar på kulturhuset
Les meir om våre arrangement ved å opne lenkane nedanfor. |
|
|
| |
KOMMUNEHUSET Mån - fre: 10.00 - 14.00 Nyjordvegen 12 6480 AUKRA
Vis i kart |
|
|
|