Det er fastetid og påska nærmar seg.
Legg påskearrangement inn på skjerikyrkja! |
Det er fastetid og påska nærmar seg. Dersom kyrkjelyden nyttar skjerikyrkja.no, vil enda fleire kunne få vite at det er rom for dei i kyrkja. Ved å samle alle kyrkja sine arrangement på ein stad, står vi saman om å nå ut med påskebodskapen til fleire. Både dei som kjenner og dei som ikkje kjenner kyrkja sitt mangfaldige tilbod i påska. Kyrkjerådet kjem til å ha annonsekampanjer fram mot påske, som vil nå ut til store delar av den vaksne befolkninga i Noreg. Det gjev høve for at enda fleire trykker seg inn på skjerikyrkja.no for å finne arrangement. Då er det viktig at alle kan finne relevant og oppdatert informasjon om arrangement i kyrkja der dei bur.
Du kan legge inn arrangement til skjerikyrkja.no via Arrangørportalen eller via fagsystema Medarbeideren eller Kardinal. Les meir om korleis du nyttar skjerikyrkja og råd til gode arrangementtekstar på ressursbanken.no. |
| |
| – Glede, ansvar og forventningar |
Med desse tre orda oppsummerte Ole Kristian Bonden sine første veker som ny Hamarbiskop på allmøtet i førre veke. I tillegg fortalde marknadssjef i Kirkens Nødhjelp Ragnhild Toyomasu om kva pengane til fasteaksjonen går til i år. Ho delte også sine tilrådingar i førebuinga til aksjonen. |
|
|
| Levande formidling av kristne høgtider |
Bibelselskapet har lansert eit nytt verktøy for attforteljing av tekstar rundt høgtidene jul, påske, Kristi himmelfart og pinse. Arbeidsheftet inneheld mellom anna konkrete forslag til aktivisering rundt forteljingane. |
|
|
|
"Fellesskap i forskjellighet – korleis ta ulikskap på alvor?" er tema for årets konferanse på Diakoniens dag. Tema er i kjernen av rolla kyrkja og diakonitenesta har i dagens velferdssamfunn. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Fasteaksjonen reddar liv! |
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon «Håp i ein dråpe vatn» går føre seg 26.-28. mars 2023. Kyrkjelydar over heile landet gjer seg i desse dagar klar for fasteaksjonen i år. Pengane som vert samla inn er med på å redda liv. |
|
Kyrkja opprettar råd for personar med funksjonsnedsetjing |
Rådet skal bidra med brukarperspektiv og kunnskap til kyrkja sitt arbeid. – Viktig for å vera ei tilgjengeleg kyrkje og at ulike stemmer vert høyrd, seier kyrkjerådsleieren. |
|
Opna kyrkjene for ukrainske flyktningar |
Krigen i Ukraina har drive tusenvis av menneske på flukt. Mange av dei har funne vegen til norske lokalsamfunn. Takka vere 2,5 millionar kroner frå regjeringa kunne kyrkja tilby enda fleire meiningsfylte aktivitetar til ukrainske flyktningar i 2022. |
|
| |