Nyheitsbrev frå Aukra kommune |
|
|
I jula har vi følgjande opningstider: - Kommunehuset: Stengt. Sentralbordet er open kl. 10-14. Ring 71 17 15 00, tasteval 6.
- Legekontoret: Romjula kl. 10.00-14.00
- Biblioteket: Romjula kl. 10.00-14.00, men stengt 23. og 30. desember
- Svømmebassenget kl. 12.00-15.00, men stengt 23. desember, jul- og nyttårsaftan
-
Utlånssentralen BUA: 28. desember kl. 12.00-14.00
- Kulturhuset: Romjula kl. 10.00-15.00, 30. desember kl. 12.00-15.00. Elles ope i samband med arrangement.
- NAV: Stengt for drop-in
Aukra komune ønskjer alle ei riktig god jul og eit godt nyttår! |
|
|
| Kulturpris for Aukra kommune 2023 |
Den 14. desember vart kulturprisen delt ut. Det er Leif Monsen som vann kulturprisen for Aukra kommune 2023. Ordførar Helge Kjøll jr overrekte prisen i forkant av kommunestyremøtet, med følgjande tale:
Kjære Leif Monsen!
Gratulerer med Aukra kommune sin kulturpris for 2023. Du er ein verdig vinnar av årets kulturpris! Bakgrunnen for at du har fått kulturprisen er først og fremst ditt store engasjement i forskjellig frivillig arbeid ikkje minst arbeidet du har lagt ned i sogenemnda. Eit utruleg stort og viktig arbeid. Kven er Leif Monsen? Alle veit kven «Læfen» er (urjulsundingar): - 80 år gamal ungdom
- Humoristisk
- Kjernekar
- Ekte eldsjel
- Ja-menneske
- Stille opp for andre seint og tidleg – støttespelar i bygda
- Julsundet skole – strangar til telt, benker til lavvoar - praktisk
- Aktiv i Julsundmarkas venner
- Julsundet grunneigarlag
-
Aktiv i amatørteater og revy – sist i bygdekomedien «Tempo lett» - skikkeleg proff teateramatør
- Molderosetten i over 20 år
- Skyttarlag
- Glad i naturen – kjenner naturen - var med på NRK-program «Min tur» med «Ikkje berre ein fugl» i 1994, der han snakka om å ha fulgt med eit smålom-par»
-
Blei invitert av kongen til «Afternoon tea» på slottet i 2017 for sin innsats i lokalsamfunnet
Eg er stolt over å få overrekke kulturprisen til deg, Leif Monsen – du er ein person som berikar Aukra kommune, ja, du berikar dei du omgåst. Takk for din store innsats på kulturområdet og masse lykke til vidare i alt frivillig arbeid du står i. Reknar med å sjå deg på Aukra kulturhus i samband med bydgekomedien «Amerika klokka» til neste år. |
|
|
Romjulstreff for ungdom - med fokus på moglegheiter i Aukra kommune Aukra kommune og Aukra næringsforum inviterer til romjulstreff for ungdom 28. desember kl. 15.00 på Aukra kulturhus.
Arrangementet vil i hovudsak rette seg mot dei unge i kommunen. 9. og 10. klasse, elevar frå vidaregåande, studentar og andre moglege arbeidstakarar er invitert.
Det blir bedriftspresentasjonar, inspirasjonsforedrag av folk frå Aukra og musikkinnslag. Vir serverer pizza og du har molegheit til å vinne AirPods. Ettermiddagen vil bli avslutta med Glitter-juledisco for 8. klasse til 17 år. Gå ikkje glipp av moglegheita til å bli betre kjent med næringslivet i Aukra! Severin, Klara Sporsem, Aksel Roald, Siv Solem, fotograf Fred Jonny med fleire kjem - kjem du? |
| Glitter-Juledisco Velkomen til Juledisco 28.desember kl. 19.30-23.00 i Wickssalen på kulturhuset! Kanskje du har eit glitterslips eller ein glitterkjole? Eller noko anna med glitter? Bruk fantasien og ta på deg noko som glitrer om du vil. - Dørene opnar kl. 19.30 ved Soltun scene
- Dette er eit rusfritt og gratis arrangement for ungdom 8. klasse - 17 år som bur eller går på skole i Aukra kommune.
- Gratis skyss fra fergekaia: Ferja kl. 19.15 fra Hollingsholmen og tilbake med ferja kl. 23.00. Send melding på tlf: 93456858 for skyss og bli med!
Vi har tatt omsyn til at det er andre arrangement på huset, og lagt godt til rette for ei trygg oppleving. Gler oss til ein morsom kveld, med god stemning saman med dykk i romjula! |
|
|
| Vintersesong for Stikk UT! har starta 15. desember Du kan velje mellom 159 skiturar og 233 fotturar. I Aukra har vi desse ni turmål: - Aukra kyststi
- Berghaugen
- Brenslen (ny)
- Gossen flyplass
- Hundetjønna
- Kleivhaugen
- Ramshaugen
- Riksfjordremma
- Rindarøya (ny)
Du kan også delta på Stikk UT! Saman og vinne flotte premier. Vinter Stikk UT! varer fram til 15. april 2024. |
|
|
| Stikk UT! har vore svært populært i Møre og Romsdal i mange år, også i Aukra. Aukra har lege høgt opp på statistikken når det gjeld deltaking. Etter sommar-/ vårsesongen 2023 låg Aukra heilt på topp når det gjeld tal på registreringar per innbyggar i dei ulike kommunane. Nesten 22% av innbyggarane i Aukra har vore med på StikkUT. |
|
|
Helsing frå kommunedirektøren Når året no går mot slutten vil eg nytte høvet til å ynskje alle innbyggarar og tilsette ei riktig god jul og eit godt nytt år.
Eg vonar at de alle kan gå inn i ei avslappande, fredeleg og hyggeleg julefeiring. Eg vil oppfordre deg til å tenkje gjennom om det er nokon utanfor dine aller næraste som også kan trenge litt ekstra omsorg frå deg i jula. Små handlingar kan ha stor betydning. Ta godt vare på kvarandre! |
|
Helsing frå ordføraren Riktig god jul!
Vi nærmar oss jul. Det er ei tid for å tenne lys, mange lys. I nesten kvart eit hus i kommunen vår kan eg skimte lysande julestjerner, julelyslenker eller levande lys i vindauga. Alt dette reflekterer gode tradisjonar, juleminne og ikkje minst varme. Lyset gjer noko med oss.
Jula er ikkje ei tid for berre det gode og det varme. Det er og ei tid kor mange kjenner på sakn og sorg. Ein eller ei som alltid har vore med og feira jul er ikkje med lenger. Fleire opplever og jula som ei ekstra tung og einsam tid. Ikkje alle er med i eit fellesskap i form av familie eller vener og kjenner derfor ekstra sterkt på einsemda i jula.
Aukrasamfunnet ligg i eit roleg hjørne i forhold til store deler av verdsamfunnet. Blikket vårt og hjartet vårt må likevel vere retta mot både våre eigne og våre medmenneske i land som er råka av konflikt og krig. Eg og du kan på kvar vår måte bidra til å skape fred, gje ei hjelpande og trøystande hand og ikkje minst skape håp. Mange treng dette ekstra sterkt no i juletida.
Kanskje fokuset på nettopp dette er den beste julegåva vi kan gje oss sjølv og kvarandre? Med ønske om ei riktig god jul og eit riktig godt nyttår! | |
|
| Hugseliste for trygg nettbruk |
Beskytt deg og dine mot nettsvindel - Aldri del BankID, kodar, passord eller kortinformasjon over telefon, SMS eller e-post. Ikkje med nokon
-
Ikkje klikk på mistenkelege lenker. Det er ikkje alltid så lett å identifisere kva som er mistenkeleg, er du usikker - spør!
- Ikkje svar på meldinger eller ring tilbake til ukjende telefonnummer
- Har du motteke noko du er usikker på; stopp, tenk, sjekk. Ta kontakt med banken din, eller ring ein familiemedlem.
- Om skaden har skedd, ta kontakt med banken med ein gong! Om det vert oppdaga i tide, kan banken stoppe transaksjonen.
|
|
|
| Visste du at du kan gifte deg hos Aukra kommune? |
Ordføraren eller varaordføraren har mynde til å gjennomføre vigsel i vår kommune. I dag har kommunen hatt besøk av eit par som ønskja å gifte seg. Det blir alltid ei høgtideleg stemning på kommunehuset når vi har lagt til rette for vigsel.
Seremonirommet er i kommunestyresalen. Om ein ønskjer å gifte seg utanfor kommunestyresalen kan det avtalast med ordføraren. Vigsel i kommunestyresalen er gratis.
|
|
|
| Våre publiserte nyheitsbrev |
Du finn våre tidlegare nyheitsbrev på Aukra kommune si heimeside. |
|
| | På kommunen si heimeside finn du oversikt over våre arrangement. Arrangement i desember og januar: - Pepperkakehus-utstillinga på biblioteket står ut året. Open i biblioteket si opningstid.
- Romsjulstreff på kulturhus for ungdom 28. desember frå kl. 15.00
- Glitter-Juledisco på kulturhus 28. desember kl. 19.30-20.00 for 8. klasse til 17 år
- Laurdagskafé ved ulike lag og organisasjonar startar opp att 6. januar
- Kino annakvar søndag kl. 17 og 19
Les meir om våre arrangement ved å opne lenkane nedanfor. |
|
|
| |
KOMMUNEHUSET Mån - fre: 10.00 - 14.00 Nyjordvegen 12 6480 AUKRA
Vis i kart |
|
|
|