Alle kyrkjetilsette som vil delta i kyrkjevalet må stemme digitalt før kl. 15.00 i morgon, onsdag 6. september.
Siste frist for å stemme for ansatte |
Alle kyrkjetilsette som vil delta i kyrkjevalet må stemme digitalt før kl. 15.00 i morgon, onsdag 6. september. I tillegg til soknerådsval, kan du som prest eller lek kyrkjeleg tilsett stemme på høvesvis kva prest eller lek kyrkjeleg tilsett som skal sitje i bispedømerådet og Kyrkjemøtet.
Du kan berre stemme på prest eller lek kyrkjeleg tilsett, ikkje leke medlemmer. Det er preferanseval, som vil seie at du skal markere første preferanse med ein, andre preferanse med to osb. Kandidatane står i alfabetisk rekkefølgje. Valet er heildigitalt, så det er ikkje mogeleg å stemme på papir etter fristen! Del gjerne på din private sosiale medium-profil at du har stemt digitalt. Dette bidreg til at fleire stemmer! I morgon kl. 15.00 er også siste frist for medlemmane som ynskjer å førehandsstemme digitalt. Dei kan førehandsstemme fysisk fram til fredag – og stemme på valdagen 11. september. |
|
|
| Organiseringsarbeidet – vegen vidare |
På Kyrkjemøtet i Trondheim i starten av august blei saken om kyrkjeleg organisering behandlet. Her kan du lese om kva som skjer vidare. |
|
|
|
Eit gratis verktøy for strategisk arbeid med konfirmanttida i din kyrkjelyd. I-konf gir deg moglegheita til å sjå kva konfirmantane er interessert i, ynskjer å lære meir om, og kva forventninga dei har til konfirmanttida. Det er enkelt å setje opp, og enkelt å bruke. |
|
|
| Gi det nye soknerådet enkel oversikt over kyrkjelyden sine aktiviteter. Da blir det enklare for rådet å kome inn i arbeidet. Registrer aktivitetane i «Kirka vår», som alle soknerådsmedlemmar får tilgang til etter kyrkjevalet. |
|
|
|
Kyrkjevalet pågår for fullt, og allmøtet gjer deg oppdatert informasjon om valet og kommunikasjonen. I tillegg får du status på organiseringsarbeidet etter Kyrkjemøtet og konfirmasjonsarbeid. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Sikringstiltak for kyrkjas Microsoft 365 |
Sikringstiltak som blir innført frå september gir auka tryggleik. Ikkje gøy, men nødvendig. Med Kyrkjas lokale skrivebord (KLS) blir du ikkje påverka av tiltaka. På pc-ar utan KLS må du brukje nettlesaren for å få tilgang til innhald i kyrkjas felles Microsoft 365-område levert av Kirkepartner. |
| Satsing på kyrkja si teneste i samfunnsinstitusjonar |
Kyrkjemøtet vil auke merksemda på tenestene ved mellom anna sjukehus, universitetet og høgskular, fengsel og i Forsvaret. |
| Ett skritt nærmere ny biskop i Sør-Hålogaland |
Biskopane i Den norske kyrkja og bispedømerådet i Sør-Hålogaland har uttalt kven dei ønskjer som ny biskop i Sør-Hålogaland. Kirkerådet tilsett ny biskop i Bodø 21. september. |
|
| |