Kyrkja har eit bodskap om håp i ei uroleg verd.
Uttale frå Kyrkjemøtet: Håp i ei uroleg tid |
Kyrkja har eit bodskap om håp i ei uroleg verd. Paulus skriv i brevet til Filipperne: «Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.» (Fil 4,7). Kyrkja er kalla til å forkynne denne bodskapen om håp i ei uroleg tid.
Kyrkja er ei håpsrørsle. Oppdraget vårt er grunngjeve i Guds kjærleik til heile skaparverket og ansvaret vårt for å verne om alt det skapte. Håpet er vissa om at Gud ikkje har forlatt vår verd. Evangeliet om den oppstadne Jesus Kristus gjev næring til håpet om fred og forsoning, og kraft til endring i møte med klimakrise og urettferd. |
|
|
|
Kyrkjevalet er nå i gong! Digital førehandsstemming opna torsdag 10. august kl. 09, og valmedarbeidarar over heile landet arrangerer fysisk førehandsstemming i veke fram mot valdagen 11. september. Finn ressurser for kyrkjeval i design.kirken.no og i Ressursbanken.
|
|
|
| Vi er kvarandre sitt arbeidsmiljø |
– Vi har jobba mykje med arbeidsmiljøet i kyrkja dei siste åra. Fleire rapportar om korleis vi har det på jobb, har avdekka at ikkje alle kjenner seg likeverdige og anerkjende som kollega i kyrkja, fortel Hilde Fylling, nasjonalt hovudverneombod i Den norske kyrkja. |
|
|
| Marker kulturarven til din kyrkjelyd på Kulturminnedagar! |
Kulturminnedagane er ein flott måte å skape engasjement for den lokale kyrkjelege kulturarven i ditt lokalsamfunn. Kulturvernforbundet koordinerer dagane under årets tema «Levende kulturarv», sjå kulturvern.no/kulturminnedagene. Sjå opptak av webinaret om korleis gå frem. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Tilrår eigne telefonar for TikTok |
Sikkerhetsutvalet i Den norske kyrkja tilrår at det nyttast eigne telefonar for bruk av TikTok for å ha kontakt med unge. På grunn at tryggleik tilrår utvalet å slette TikTok-appen frå jobbtelefonar. |
| Glad for milliardar til kyrkjebygg |
Regjeringa opprettar eit kyrkjebevaringsprogram på ti milliardar kronar. Sekretariatet skal liggja i Trondheim. – Glad for at regjeringa nå opprettar kyrkjebevaringsprogrammet som vert eit generasjonsfond for framtida, seier kyrkjerådsleiaren. |
| Klar melding frå kyrkjerådsleiaren: – Skulesektoren må feire 1000-årsjubileet |
– Tusenårsmarkeringane er nettopp ei moglegheit for å byggja fellesskap og referanserammer. Kristendommen er innvevd i alle de tema som nasjonaljubileet berører – og det skal den vere, seier kyrkjerådsleder Kristin Gunleiksrud Raaum. |
|
| |