I morgon er det digitalt allmøte for alle tilsette i Den norske kyrkja.
Allmøte: Forsoning, kultur og kyrkjeval |
I morgon er det digitalt allmøte for alle tilsette i Den norske kyrkja. Allmøtet vert denne onsdagen sendt direkte frå Bodø. Du vil mellom anna få høyre om kyrkjeleg organisering, kyrkjeval, pilegrimsarbeid, kyrkjemusikk og kultur.
På torsdag kjem rapporten til Sannhet- og forsoningskommisjonen som Stortinget har oppnemnd. Det er laga eit e-læringskurs for alle kyrkjetilsette og ei forbøn til gudstenesta på sundag. Meir informasjon om kyrkja sitt arbeid med forsoning får du på sendinga i morgon.
Allmøtet startar kl 09.00 og varar inntil ein halv time. Du finn både direktesending og opptak på ressursbanken.no/allmøte.
|
|
|
| Bønn til søndagens gudstjeneste |
Det er laga ei bøn til bruk i gudstenesta på søndag. Bøna handlar om rapporten fra Sannhet- og forsoningskommisjonen og oppfølgjing av den. Bruk heile eller delar av bøna til inspirasjon. Les meir under fana "Bønn" i ressursen i ressursbanken.
|
|
|
| Alle tilsette i Den norske kyrkja er oppfordra til å ta e-læringskurset "Fornorskning, forsoning og folkekirke: En guidet tur i Norge, Sápmi og Ruija". Kurset vil gje deg mellom anna grunnleggjande kunnskapar om fornorskningspolitikken og –prosessane.
|
|
|
| Frist for informasjon i valmodul |
Siste frist for å planleggja ferdig val i valmodulen i medlemsregisteret er 1. juni. Alle registeransvarlege må difor ha lagt inn alle grunnlagsdata om val innan denne fristen, altså fyrstkomande torsdag. Medlemsregisteret stengjast etter dette for oppdatering av grunnlagsdata om val. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Dåpsplakaten – eit verktøy til dåpssamtalen |
Ein dåpsplakat er ein samtalestartar i dåpssamtalen. – Bidreg til ein open tilnærming og hjelper meg å vera til stades, seier ein sokneprest. |
| Presentasjon av kandidatar til ny biskop i Sør-Hålogaland bispedøme |
Arbeidet med å tilsetje ny biskop i Sør-Hålogaland bispedøme etter Ann-Helen Fjelstad Jusnes er i gang. I dag er det mogleg å bli betre kjent med dei seks, i ein presentasjon i Bodø domkyrkje. |
|
Meir himmel på jord er Den norske kyrkja sin visjon. Årsrapport for i fjor viser breidda i kyrkja sitt arbeid for å vera meir for fleire, opne rom for tru og vera der livet blir levd. |
|
| |