11. juni 2021 | Opne nyheitsbrevet i webversjon Personar som deler krenkande eller opplagt private bilde, filmar og lydopptak av andre, kan nå bli straffa med fengsel i inntil to år. Straffeskjerpinga er blant dei viktigaste endringane i straffelova, som nyleg blei vedtatt av Stortinget. – Deling av slikt innhald er ei stor påkjenning for den som blir ramma. Det er derfor bra at straffa blir skjerpt, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Seks Oslo-aviser får tre millionar kroner i støtte frå Oslo kommune Lokalavisene Akers Avis Groruddalen, Akersposten, Nordre Aker Budstikke, Nordstrands blad, Sagene Avis og VårtOslo får 495 000 kroner kvar i mediestøtte for 2021 frå Oslo kommune.
Støtteordninga blei oppretta som ei treårig prøveordning, som blir avslutta i år. Målet med ordninga har vore å stimulere til eit mangfald av lokale nyheits- og aktualitetsmedium med høg kvalitet og uavhengig journalistikk i Oslo. Det er foreløpig ikkje avgjort om støtteordninga fortset framover. Rune Albertsen blir ny direktør for innsikt og analyse i Medietilsynet Rune Albertsen (37) er tilsett i ei nyoppretta stilling som avdelingsdirektør for innsikt og analyse i Medietilsynet. Han kjem frå stillinga som client director i Business Science, GroupM og har lang og brei erfaring med forretnings- og medierelaterte analysar.
Neste veke: Allmennkringkastings- rapporten for NRK Medietilsynet fører tilsyn med korleis allmennkringkastarane oppfyller forpliktingane sine. Kvart år sender allmennkringkastarane ein allmennkringkastarrekneskap til Medietilsynet, der dei dokumenterer kva programtilbod dei hadde året før.
Desse rekneskapane er grunnlaget for vurderingane til tilsynet i allmennkringkastingsrapporten som blir lagd fram i juni kvart år. Neste veke legg Medietilsynet fram rapporten for NRK.
TV 2 er kommersiell allmennkringkastar med ein femårig avtale med staten. Rapporten for TV 2 kjem seinare.
Den norske mediepodden
Aktuelt: Enkel tilgang til porno på nett – og press om å dele nakenbilder av seg selv: Hvordan skal unge finne ut av dette? Selv mener ungdom at disse temaene bør inn i seksualundervisningen i skolen.
I denne utgaven av Den norske mediepodden møter du Ella Fyhn, medlem i Barneombudets ekspertgruppe, prosjektleder Silje Berggrav i Redd Barna og politioverbetjent Hanne Andreassen i Kripos. Programleder er Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Episoden ble første gang sendt 10. juni 2020.
|
|