Ingrid Vad Nilsen gav oss ei oppdatering frå kyrkjerådsmøte, om kyrkja sin økonomi, og kor viktig det er at alle som jobbar i kyrkja lokalt synleggjer kva kyrkja gjer for politikarar, og kvifor det er klokt å investere i kyrkja sitt arbeid.
Me fekk møte kommande kiyrkjerådsdirektør, Ole Edvard Wold-Reitan, og høyre kva han ser frem til å fokusere på i ny jobb frå midten av august.
Domprost Pål Kristian Balstad fortalde om 17 personar som vart døypt i Oslo domkirke på Drop-in-dåp på 2. pinsedag. Blant anna ei stolt, sju år gammal jente som hadde samla heile familien i kyrkja for å vitne dåpen hennar. Tala i etterkant viste at drop-in-dåp-kampanjen har hatt stor rekkevidde i Oslo bispedømme,og drop-in-dåpskampanjen er ikkje over enda!
Dagleg leiar ved nasjonalt pilegrimssenter, Hans Morten Løvrød, fortel at pilegrimsleden blir nytta av ein stor variasjon menneske om sommaren; eldre og yngre, med ulik bakgrunn og kjønn. Mellom anna er pilegrimskonfirmantar svært fornøgde med å gå pilegrim! Pilegrimane ynskjer opne kyrkjer å komme til.
Alt dette, og litt til, finner du i opptak av allmøtet på ressursbanken: