Jula er tida då me samlar oss rundt den store forteljinga om då Jesus vart fødd. Denne
forteljinga er skildra fleire stader i Det nye testamentet. Den mest kjente står i
Lukasevangeliet. Det er den me les på Julaften. Her høyrer me om Maria og Josef. Om
herberga som er fulle. Hyrdane på Betlehemsmarka. Englesongen og bornet i krybba.
Når Matteus skal skriva om det store mysteriet, har han eit anna perspektiv. Han nemner ikkje
vandringa til Betlehem, dei fullbooka herberga, hyrdane, englesongen og krybba. I staden ser
han bakover til ein over 600 år gamal profeti frå profeten Jesaja. Her finn han årsaka til, og
poenget med juleforteljinga.
Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
og dei skal gje han namnet Immanuel
- det tyder: Gud med oss.
Jul er måten Gud fortel at Han er ein gud som er med oss i alle livets fasar, utfordringar og
gleder. Ikkje ein fråverande gud. Ikkje ein likegyldig gud. Ikkje ein gud som er mot oss og ute
etter oss. Han er ein Gud som vil gå med oss og som elskar oss og som er vår frelsar. Når me
lukkast og når me mislukkast. Han ber namnet Immanuel. Òg i motgang er Gud med. Difor
vart han fødd som ein av oss.
Dette teiknet frå Gud hende i den delen av verda som i desse dagar er prega av ein forferdeleg
konflikt mellom Israel og Gaza. Lidingane er større enn me kan fatta. Når dette vert skrive,
kjenner me ikkje utfallet, men me ser dei ufattelege lidingane på begge sider. Men me veit at
Gud vil gå med oss. Han ser til kvart menneske som lid uavhengig av nasjonalitet, etnisitet,
tru og alder. Under alle djup er Gud.
«Gud med oss!» For mange vekker framleis orda vonde minner. Nazistane brukte dei til å
legitimera sine brutale handlingar under 2. verdskrigen. Men slik skal ikkje Guds namn
brukast til å forsvara det som er imot Guds vilje. «Gud med oss» må ikkje få den
konsekvensen at me vender oss mot kvarandre, men at me snur oss 180 grader og behandlar
kvarandre som med-menneske. Trur me på ein Gud som er med oss, må me sjå på alle
menneske som våre medmenneske.
Jul er difor tida for både undringa over det store underet, og for å vise medmenneskelegheit
med dei som lid.
Dei siste orda i Matteusevangeliet, grip tilbake til det namnet Jesus ber, Immanuel. No er dei
ikkje sagt av profeten, men av han som vart fødd julenatt: «Og sjå, eg er med dykk alle dagar
så lenge verda står.»
Velsigna jul.
Stein Reinertsen
Biskop i Agder og Telemark