Nyheitsbrev om kommunestyre- og fylkestingsval i Aukra kommune
Nyheitsbrev om kommunestyre- og fylkestingsval 2023 i Aukra kommune |
|
|
Kommunestyre- og fylkestingsval 2023 i Aukra |
Valdagen er 11. september.
I dette nyheitsbrevet vil du få informasjon om organisering av valet i Aukra kommune. |
|
|
Om tidlegstemming og førehandstemming |
|
|
Tidlegstemmeperioden 3. juli til 9. august
Du kan tidlegstemme på kommunehuset kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00. I tidlegstemmeperioden kan du oppleve at kommunen ikkje har motteke partistemmesetlar med kandidatnamn. Då kan du berre stemme på parti ved bruk av ein generell stemmesetel.
Kommunen mottek partistemmesetlane i løpet av tidlegstemmeperioden. |
| Førehandstemmeperioden 10. august til 8. september I førehandsstemmeperioden kan du stemme kor du måtte ønskje i heile landet. Førehandstemme i Aukra: Kommunehuset: - Kvardagar kl. 08.30 - 15.30.
- Onsdag 30. august kl. 08.30 - 19.00.
- Onsdag 6. september kl. 08.30 - 19.00.
Julsundet skole (biblioteket): 5. september kl. 14.30 - 19.00.
Aukra omsorgssenter: 5. september kl. 11.00 - 13.00 |
|
|
| Om valdagen 11. september |
Slik kan du stemme valdagen: -
Vallokale på Gossen: Gossen barne- og ungdomsskole (gymsalen).
- Vallokale i Julsundet: Julsundet skole og fleirbrukshus (gymsalen)
Begge vallokala er ope i tidsrommet kl. 09.00 - 20.00. Du kan stemme i det vallokalet som passar best. Er du bustadregistrert i ein annan kommune på valdagen 11. september, kan du ikkje stemme i Aukra kommune. |
|
|
Er du sjuk eller ufør og ønskjer å stemme heime?
Dersom du ikkje kan komme til eit vallokale på grunn av dårleg helse eller av andre grunnar, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til. Då kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der.
Ta kontakt med serviceavdelinga innan tysdag 5. september kl. 14.00 på følgjande telefonnummer for å avtale tid: - Ring sentralbordet på 71 17 15 00 mellom kl. 09.00-14.30 (tasteval 6),
- eller ring Martina på 948 26 442
|
| Oppheld du deg i utlandet?
Dersom du bur eller av andre grunnar oppheld deg i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen, kan du stemme på førehand på norske utanriksstasjonar eller hos særskilt oppnemnde stemmemottakarar, eller du kan brevstemme. Førehandstemme utanriks: 1. juli til 1. september Førehandstemme Jan Mayen/Svalbard: 1. juli til 8. september |
|
| Om assistanse og hjelp i valavlukket |
Valmedarbeidaren forklarer deg korleis du kan stemme og kan hjelpe deg om du har behov for det. Medarbeidaren kan også vise deg inn i valavlukket og gi deg rettleiing i kva parti som stiller til val, og kvar stemmesetlane til desse ligg.
Dersom du treng hjelp til å gjennomføre stemminga, kan valmedarbeidaren eller ein annan person du sjølv vel hjelpe deg med dette. Både valmedarbeidar og sjølvvald hjelpar har teieplikt dersom dei skulle få innsikt i kva og kven du ønskjer å stemme på. |
|
|
Stemmerett ved kommunestyrevalet. For å stemme må du ha stemmerett og stå i manntalet i ein kommune. Følgjande personar har stemmerett: -
Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, som er eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg.
- Statsborgarar i Danmark, Finland, Island eller Sverige som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, og er registrert i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni 2023.
-
Personar som ikkje er norske statsborgarar, men som har fylt 18 år innan utgangen av 2023 og har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen.
|
|
Står du i manntalet? Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i ein kommune. Er du busett i Noreg blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du er folkeregistrert i som busett den 30. juni 2023. Flyttar du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen.
Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen, står du i manntalet i kommunen du flyttar frå. Då må du stemme i den kommunen du flytta frå om du skal stemme på valdagen. Elles kan du førehandsstemme kvar som helst i landet. |
|
|
Valkort: Alle veljarar får tilsendt valkort, anten i papir eller digitalt. Valkortet blir utarbeida på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa til veljarane per 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for kommune du har stemmerett i.
Ta med valkortet når du skal stemme då det forenklar arbeidet for val-funksjonærane. Har du ikkje mottatt valkortet eller har mista det, kan du likevel møte opp i vallokalet for å stemme. Valkort er ikkje gyldig som legitimasjon.
Digitalt valkort: Veljarar som ikkje har reservert seg mot digital post, får digitalt valkort. Dei andre får valkortet på papir i posten. |
|
Legitimasjon: Vallova krev at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Dette er fordi det skal vere mogeleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogeleg å stadfeste dette, får du heller ikkje stemme.
Gode døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at legitimasjonen inneheld namnet til veljaren, fødselsdato og bilete. Hugs legitimasjon når du skal stemme. Bur du på institusjon? Då treng du ikkje å ha legitimasjon, men ein tilsett må gå god for veljaren sin identitet. |
|
|
Følgjande parti har stilt liste til kommunestyrevalet: Arbeiderpartiet Høgre Kristelig Folkeparti
Senterpartiet Venstre |
|
|
10. august - 8. september |
| Førehandsstemming Du kan førehandsstemme på kommunehuset måndag til fredag kl. 8.30-15.30 |
|
|
| Lantidsope kommunehus Kommunehuset er open for førehandsstemming kl. 8.30-19.00. |
|
|
| Førehandsstemming på Aukra omsorgssenter Det vert føreandsstemming på omsorgssenteret kl. 11.00-13.00. Både bebuarar, tilsette, pårørande og andre kan stemme på omsorgssenteret. |
|
|
| Førehandsstemming på Julsundet skole Det vert førehandsstemming på biblioteket på Julsundet skole kl. 14.30-19.00 |
|
|
| Lantidsope kommunehus Kommunehuset er open for førehandsstemming kl. 8.30-19.00. |
|
|
| Valdagen: Vallokala i Aukra er ope i tidsrommet kl. 9.00-20.00. |
|
|
| |
KOMMUNEHUSET Mån - fre: 10.00 - 14.00 Nyjordvegen 12 6480 AUKRA
Vis i kart |
|
|
|