Nyheitsbrev frå Aukra kommune |
|
|
-
Kommunehuset: Måndag og tysdag 10.00-14.00. Stengt onsdag.
- Legesenteret: Måndag og tysdag kl. 8.00-15.30, onsdag 08.00-12.00.
- Biblioteket: Måndag 9-15.30. Tysdag 14.00-19.00. Onsdag 9-12, påskeaftan stengt.
- NAV Aukra: Tysdag 10.00-13.00.
- Bassenget: Måndag til onsdag vanleg opningstid (trykk på lenka for å sjå opningstidene). Torsdag 28. mars til og med måndag 1. april kl. 12.00-16.00
|
|
|
| 37 år - frå visjon til realitet? |
Nasjonal transportplan vart lagt fram 22. mars og i den samanheng fekk Aukra kommune besøk av leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen Sigbjørn Gjelsvik. |
|
|
| Sogenemnda ønskjer artiklar og stoff til Aukra gjennom tidene |
Har du noko å fortelje? Sogenemnda ønskjer fleire artiklar og stoff til årets utgåve av Aukra gjennom tidene. Ta kontakt med Berit Drejer på kulturavdelinga, dersom du har ein artikkel eller stoff eller treng meir informasjon. Telefon 906 44 743 E-post berit.drejer@aukra.kommune.no |
|
|
Vil det lokale laget ditt, foreining eller organisasjon utfordre politiet i ein idrett eller aktivitet?
Politiet i Molde politistasjonsdistrikt ønskjer å møte barn og unge på ein uformell og god måte for å få innspel frå ungdommane sjølv om viktige tema. Dei håpar at lag, organisasjonar eller foreiningar har lyst til å utfordre politiet til å vere med på ein aktivitet eller ein vennskapeleg konkurranse. Det kan vere alle slags aktivitetar, som til dømes fotball, volleyball, basketball, handball, riding, fekting, dansing eller sjakk.
Prosjektet i Molde og i Aukra er ein del av eit større arbeid i politiet som blir omtalt som Innbyggerstemmen. Det handlar om å setje innbyggjaren i sentrum i utviklinga av polititenestene ved å få tilbakemeldingar og innsikt frå nettopp innbyggjarane. |
| Vil du vere jordskiftemeddommar eller skjønnsmedlem for perioden 2025-2028? Aukra kommune treng fleire som ønskjer å vere skjønnsmedlem eller meddommar i jordskifteretten. Som meddommar/skjønnsmedlem er du saman med fagdommarar med på å ta avgjerder i rettsaker.
Dette er ei viktig samfunnsoppgåve der akkurat du kan få moglegheita til å gi domstolen ei demokratisk forankring. Det er eit vanleg rettsprinsipp at ein skal dømmast av sine likemenn. Derfor har meddommarane ei viktig rolle i rettssystemet. Fristen for å melde seg som meddommar eller skjønnsmedlem er 1. april 2024. Kommunestyret vel meddommare og skjønnsmedlemmane seinast 13. juni.
|
|
|
|
Eining for innvandring og integrering og Gossen bygdekvinnelag inviterte til feiring av den internasjonale kvinnedagen 8. mars på Aukra kulturhus.
På scena var det både kvinner som har vakse opp i Aukra og kvinner som har flytta til vår kommune. Kvinner frå ulike land delte frå livet sitt og korleis likestilling ser ut i deira heimland.
Elin Mordal heldt foredrag om Kvinner i ulike kulturar og Eva Helen Rognskog om Eit levande lokalsamfunn. Vi fekk også sjå ein paneldebatt med innlegg frå fem lokale kvinner. Det var musikk, sang, dans, tapas og kaker. |
|
|
Ungdomsfiske 2024 - vi ønskjer tilbod på leige av fartøy og skipper Aukra kommune ønskjer tilbod på leige av båt med skipper/rettleiar for gjennomføring av Ungdomsfiske 2024. Ungdomsfiske legg til rette for at ungdommar mellom 15 og 25 år kan søkje sommarjobb, og få prøvd seg som fiskar. Fisket skal gå føre seg i løpet av skoleferien, mellom 22. juni og 19. august.
Er du interessert? Send ditt skriftleg tilbod innan 10. april 2024 til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra eller til post@aukra.kommune.no |
|
Ønskjer du sommarjobb i pleie og omsorg eller å vere tilkallingsvikar hos Barnebo barnehage? Pleie og omsorg søkjer ferievikarar til ferieavvikling i perioden 17.06. - 18.08.2024. Vi har behov for vikarar i heimesjukepleie, sjukeheim og buteneste/avlastning. Heimehjelp og dagsenter for eldre heimebuande har òg behov for ferievikarar i sommar. Barnebo barnehage søkjer tilkallingsvikar som skal møte ved fråver når faste tilsette er vekke, i kortare eller lengre vikariat. Det kan vere tilkalling same dag eller ved meir planlagt fråver. |
|
| Helsing frå kommunedirektøren Inkludering og mangfald
Det norske samfunnet blir stadig meir mangfaldig. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at kvar femte innbyggjar er innvandrar, eller norskfødd med innvandrarforeldre. I statistikken blir alle land rekna med, også nabolanda våre. Samtidig er det mange grupper i befolkninga som opplever utanforskap på ulike måtar. Både for berekrafta i samfunnet og for tilliten i befolkninga, er det viktig at alle innbyggjarar blir godt inkluderte i arbeids- og samfunnslivet.
Delen av befolkninga i Aukra som er innvandrar/flyktning, eller norskfødd med innvandrarforeldre, er i følje SSB 19%. Eg er stolt av den store innsatsen Aukra kommune gjer i arbeidet med inkludering. Eining for innvandring og integrering gjer ein formidabel innsats med busetjing, opplæring og integrering. Det same gjer barnehagen, skolen, helsetenesta og NAV. Når ein samtidig får god hjelp av arbeids- og næringslivet i kommunen, kultursektoren og dei frivillige lag og organisasjonane, ligg alt godt til rette.
Vi såg eit godt døme på dette på kvinnedagen 8.mars. Dei engasjerte damene i Gossen bygdekvinnelag stod for arrangementet på kulturhuset, saman med Eining for innvandring og integrering. På scena denne kvelden møtte vi blant anna ni kvinner som fortalde om seg sjølv og korleis det stod til med likestillinga i deira heimland. Det rørte ved ein kommunedirektørs hjarte. Takk!
|
| Helsing frå ordføraren Riktig god påske! Vi har komme til mars. Den første av tre gode vårmånader. Ei herleg tid. Bjørnstjerne Bjørnson skriv i eit av dikta sine: «Våren er vakker for den som lenge har hatt vinter». Vinteren kan kjennast lang for mange, men no er det altså vår. Vi ser dei første livsteikna i naturen og vi kjenner at desse livsteikna gjer oss godt. Våren gir god energi inn i liva våre.
8. mars markerte vi kvinnedagen med eit flott arrangement i regi av Gossen bygdekvinnelag og eining for innvandring og integrering. Det var sterkt å høyre historiene frå kvinner som har flykta frå mellom anna Afghanistan, Burundi, Rwanda og Eritrea. Land kor kvinner har få eller ingen rettar i samfunnet. Bulyst var eit anna tema under dette arrangementet. Her stod fem unge Aukrakvinner fram og fortalte om kvifor dei hadde valt å flytte tilbake til Aukra etter endt utdanning. Dei fokuserte mellom anna på flott natur, eit aktivt og variert kulturliv, nytt kulturhus, familie, venner, nær by og flyplass og gode moglegheiter for ein interessant jobb. Dette fortel oss at Aukra er ein attraktiv kommune å bu i. Fleire må få vite om og ta del i kvalitetane vi har i Aukrasamfunnet.
Påska kjem i år tidleg. Om nokre dagar kan vi sjå fram til eit pust i bakken, påskefri og påskefeiring. Nokre nyt påskedagane ved den vakre kysten vår. Ein tur langs kysstien kan vere eit godt turmål. Andre tek turen til fjellheimen. Ein topptur med appelsin og Kvikk Lunsj i sekken kan og vere ei suksessoppskrift. Eg ønsker alle ei god og fredfull påskehøgtid! Ta vare på kvarandre og gløym ikkje solkrem i påskesola! |
|
|
Høyring alkoholpolitisk handlingsplan og forskrift om sals-, skjenke- og opningstider
Alkoholpolitisk handlingsplan for Aukra kommune 2023-2027, samt forskrift om sals-, skjenke- og opningstider er vedteke lagt ut til høyring. Høyringsfristen er sett til ein månad etter formannskapet si behandling av høyringa, altså til 5. april 2024. |
| Høyring Kulturplan for Aukra kommune 2024-2027 Kulturplanen skal vere eit verktøy som blir brukt både politisk og administrativt for vidare utvikling av kulturfeltet i Aukra. Han skal vere retningsgjevande ved prioritering av mål og tiltak. Planen bygger på prioriterte satsingsfelt som er vedtekne i gjeldande samfunnsdel av kommuneplan for Aukra. Høyringsfrist er 21. april 2024.
|
| Høyring Reguleringsplan for Gossen motorsenter
Utval for teknisk, miljø og næring har i møte den 28. februar vedteke å leggje reguleringsplan Gossen motorsenter ut til høyring og offentleg ettersyn i åtte veker. Gossen motorklubb ønskjer å utvide aktiviteten sin med eit nytt anlegg for ulike bilsportaktivitetar som gokart og drifting. Planforslaget vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden 4. mars 2024 til 6. mai 2024. |
|
| | Våre publiserte nyheitsbrev |
Du finn våre tidlegare nyheitsbrev på Aukra kommune si heimeside. |
|
|
| På kommunen si heimeside finn du oversikt over våre arrangement. Arrangement i april: - Laurdagskafé held fram ved ulike lag og organisasjonar
- Kino annakvar søndag kl. 15 og 17
- Konsert med Bjørn Tomren 7. april kl. 18 og kl. 20 på kulturhuset
-
Kvelds og lyrikk med Brynjulf Jung Tjønn 15. april kl. 19 på biblioteket
- Brit Bildøen kjem på biblioteket 18. april kl. 19 med boka Gult farevarsel
- Landskapsarkitekt Mari K. Hagen held foredraget Eit år i Maris hage 24. april kl. 18.30 på biblioteket
- Det vert barneteater på Aukra kulturhus 30. april kl. 16.30
Les meir om våre arrangement ved å opne lenkane nedanfor. |
|
|
| |
KOMMUNEHUSET Mån - fre: 10.00 - 14.00 Nyjordvegen 12 6480 AUKRA
Vis i kart |
|
|
|