Vestland idrettskrets inviterer idrettsrådene i Vestland sammen med ordfører i sin kommune til en unik arena for erfaringsutveksling og faglig oppdatering. Dette er et 3 dagers cruise med Fjord Line med en dag i land. Hovedtema er IDRETTSANLEGG med foredrag på båten og befaring til nyskapende idrettsanlegg i og rundt Ålborg.
Vi har arrangert Idrettsrådscruise to ganger tidligere. I 2019 deltok 17 ordførere og i 2020 var det 15 ordførere med.
Kulturdepartementet har fastsett eigne spelemiddelsatsar for skifte av lysarmatur i ulike typar innandørshallar. Dette kan vere nyttig å vurdere dersom ein har eldre lysarmatur som ofte brukar mykje straum. Byte til ledlys og nye styringar har redusert straumkostnadane for mange. Hovudregelen er at ein kan få spelemidlar til å skifte/rehabilitere lysanlegg når anlegget er over 10 år.
Halltypar som er teke inn i ordninga for rehabilitering av lysanlegg er: Idrettshallar, volleyball- og baskethallar, basishallar, aktivitetssalar, turnhallar, tennishallar, fotballhallar, ishallar, hurtigløpshallar, ridehallar og ulike bassengtypar. Dersom ein har andre typar hallar enn det som er nemnt over er det også fastett ein generell tilskotssats for desse. Maksimal tilskotssats varierer utifrå halltypen, og det er fastsett maksimal tilskotssum for den enkelte anleggstypen. Dersom ein har spørsmål knytt til ordninga kan ein kontakte anleggsrådgjevar Narve Heggheim.
Vestland idrettskrets har oppretta anleggsutval
Styret i kretsen har oppretta anleggsutval som blir leia av Nils R. Sandal. Utvalet skal vere eit rådgjevande organ for styret i anleggssaker og skal ha fokus på idrettspolitiske saker og saker for styrking av rammevilkåra for idretten innan fagfeltet. Utvalet er breitt samansett med repre-sentasjon frå ulike organisasjonsledd i heile Vestland. Saker idrettsråda ynskjer å spele inn til anleggsutvalet kan sendast til administrasjonen for vidare oppfølging eller direkte til utvalsleiar.
Anlegg er eit viktig fokusområde for idrettsråda. Når ein skal planleggje eller byggje anlegg er det mykje ein må ta opp til vurdering. Sentralt i alt står spelemiddelordninga. Vestland idrettskrets har utarbeidd eit anleggskurs der ein tek føre seg ulike tema knytt til anleggsbyggjing. Mykje av kurset tek føre seg spelemiddelordninga, men har også ein del andre tema frå idè til ferdig anlegg. Kurset kan haldast for idrettslag og idrettsråd og er gratis. Kurset tek ca 2 timar og det blir avvikla som eit fysisk kurs der ein også får tid til efarings- og meiningsutveksling knytt til anleggsspørsmål. Er ditt idrettsråd og/eller idrettslaga i din kommune interesserte i å arrangere kurs er det berre å ta kontakt med administrasjonen så reiser vi meir enn gjerne ut til din kommune for å halde kurs.
Har du kandidater til idrettskretsen sitt nye styre?
Vestland idrettskrets holder sitt Idrettskretsting lørdag 13. april 2024. Valgkomitéen har startet sitt arbeid og ber om forslag på kandidater til styret i Vestland idrettskrets for perioden 2024-2026.