Nær åtte av ti medlemmer ville døypt barnet sitt i kyrkja dersom dei fekk eit barn no.
Stabil oppslutning om kyrkjelege handlingar |
Nær åtte av ti medlemmer ville døypt barnet sitt i kyrkja dersom dei fekk eit barn no. Det viser ferske tal frå Den norske kyrkja si medlemsundersøking som vart offentleggjort i går. Oppslutninga om dåp på 77 prosent er ein nedgang på eitt prosentpoeng samanlikna med 2021 og 2019.
– Dette er framleis eit høgt tall, og så må vi halde fram med å legge alt til rette for dei som ynskjer dåp, seier avdelingsdirektør for kyrkjefag Jan Christian Kielland.
Medlemsundersøkinga har også spørsmål om medlemmane si kontakt med kyrkja. Fire av ti har motteke kyrkjelydsblad det siste året, og dette bladet er den informasjonskanalen som blir nemnt oftast av medlemmane.
– Desse tala viser at mange ynskjer å høyre frå kyrkja si. Frivillige, folkevalde og tilsette legg ned mange timar med arbeid for å få gode blad og digital informasjon. Det vert lagt merke til, seier kommunikasjonsdirektør Emil Engeset. |
|
|
| Set av tid til å svare på medarbeiderundersøkinga! |
Torsdag 9. november vart medarbeidarundersøkinga sendt ut til alle medarbeidarar i rettssubjektet og i fellesrådene som er påmeldt. Undersøkinga er viktig for å kartlegge arbeidsmiljøet i Den norske kyrkja, både kva som er bra og kva som kan forbetrast. Svarfristen er 24. november. |
|
|
| Samisk konfirmantleir er eit tilbod til samiske konfirmantar i alle kyrkjelydar i Noreg. Her får dei som bur på ulike stadar høve til å delta på ein landsdekkande leir i lag. Den skjer 16.–19. februar og påmeldingsfristen er onsdag 16. november.
|
|
|
| Globale, diakonale og misjonale merkedagar i 2024 |
Kyrkja kan tilby meiningsfulle handlingsalternativ gjennom markering av globale merkedagar. Oversikten over globale merkedagar er no oppdatert for 2024. |
|
|
| Ny avtale vidareutviklar samarbeidet mellom Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA |
Kyrkjerådsleder Kristin Gunleiksrud Raaum og styreleiar i KA, Bjørg Tysdal Moe, signerte den nye samarbeidsavtalen på 9. november. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Tilskot til auka samhandling mellom folkehøgskolar og bibelskolar, og kyrkjelydar |
Folkehøgskolar og bibelskolar er ein viktig arena for rekruttering til kyrkjeleg teneste. Kyrkjerådet deler ut midlar for å styrke samarbeid mellom kyrkjelydar og med folkehøgskolar eller bibelskolar, slik at fleire unge får erfaringar med yrkespraksis i kyrkja. |
|
Korleis kan kyrkja og SFO samarbeide om aktivitetar? |
Denne ressursen vil gi deg kort innblikk i den pågående debatten, historiske dokumenter og innsikt i mulighetsrommet som finnes i rammeplanen for SFO. |
| Kyrkjeasyl og maktutøving i kyrkjer og gudshus |
Norske styresmakter har fjerna deira eigne restriksjonar på maktutøving i kyrkjerom og gudshus. Kyrkja vil halde fram med å opne kyrkjerommet for alle som ynskjer å oppsøke det og søke tilflukt der: for kvile, ettertanke og realitetsorientering. |
|
| |