Lag ein plan for kommunikasjon, og få idear til rekruttering til bispedømeråd, sokneråd og samisk val.
No er tid for å utfordre kandidatar til teneste i det lokale soknerådet. Samstundes kan ein fortelje både om kva kyrkja lokalt bidreg med, og minne om at det er kyrkjeval i haust. I Sjekklista for valstyret (side 106 i Valghåndbok 1) er det anbefalt at valstyret lagar ein kommunikasjonsplan for kyrkjevalet. I Ressursbanken finn de nå Kyrkjerådets kommunikasjonsplan og ulike malar de kan nytte for å lage plan for kommunikasjon i eiget sokn. Sjå meir under "Planlegging" i lenka under.
|
| |
|
Alle sokneråd i Den norske kyrkja oppmodast til å kome med forslag til kandidatar til leiar og øvrige kandidatar i Samisk kyrkjeråd. Frist for dette er 14. april. |
|
|
| Rekruttering til bispedømeråd og Kyrkjemøtet |
Korleis er det eigentleg å være medlem av Kyrkjemøtet? Det fortel fire medlem som alle har vore medlem i kyrkja sitt folkestyre i fleire år. I videoen rådar dei andre til å vere kandidat til val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. Du finn materiale og video under "Nominasjonsfasen" i ressursen. Der ligg òg video retta mot unge som kan tenkje seg å sitje i sokneråd. |
|
|
|
Alle valhandbøkene har blitt oppdatert 23. januar. I all hovudsak er avsnitt og kapitlar om valkort tatt ut, då det ikkje vil bli sendt ut valkort i kyrkjevalet. Det aller meste av innhald ellers er uendra. |
|
|
|
Har du spørsmål om valet som du ikkje finn svar på i Valghåndbok 1, kan du sende spørsmål direkte til Kyrkjerådets valrådgjevarar, på kirkevalg@kirken.no. Spørsmål og svar fleire kan ha bruk for, vil du finne i Ressursbanken. |
|
|
Viktige fristar og oppgåver |
I februar - lag ein lokal kommunikasjonsplan for kyrkjevalet
I mars -
frist for soknemøtet sitt vedtak om tal på medlemmer i soknerådet (må skje i god tid før 31. mars)
Innan 31. mars kl. 12 -
lever inn lister med kandidatar til soknerådsval og val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet
|
|
|
Nyhetsbrevet sendes til alle påmeldte som ønsker siste nytt om kirkevalget 2023. Vil du melde deg av nyhetsbrevet? Trykk her |
|
|
|