Her kjem viktig og nyttig informasjon til deg som er medarbeidar i kyrkja
Stort misjonsengasjement i norske kyrkjelydar |
Omlag 80 % av kyrkjelydane i Den norske kyrkja har misjonsavtale med ein av organisasjonane i Samarbeid menighet og misjon. Kristi himmelfartsdag er det avspark for aksjonen Saman som kyrkje i heile verda. Meld på kyrkjelyden din! I Nordland skal tre kyrkjelydar ha kafe med sal av møsbrømlefse. I Lillesand blir det SUP-stafett i hamnebassenget. I Revetal er det hagegudsteneste med hagefest. I tillegg er det mange som har misjonsgudsteneste, med informasjon, bøn og innsamling til misjonsarbeidet.
Dette er berre nokre av døma på korleis aksjonen kan bidra til korleis å vere saman som kyrkje i heile verda. Du finn meir informasjon om aksjonen og inspirasjon til ulike måtar å delta på i ressursbanken.no.
|
|
|
| 14 brudepar vigde i skibakken |
Heile fjorten brudepar vart gift på toppen av ein skibakke i Hemsedal under konseptet «Ski in, married out».
|
|
|
| Den største kulturminnesatsinga |
Kyrkjerådet lyser no ut to stillingar som rådghevarar i kyrkjebevaringsprogrammet, ein i Trondheim og ein i Oslo. Kyrkebevaringsfondet skal bruke ti milliardar og er eit samarbeid mellom Kyrkjerådet, KA og Riksantikvaren. Arbeidet blir leidd av Riksantikvaren og vil ha sekretariatet sitt i Trondheim. Her finn du stillingsannonsane.
|
|
|
| Tsjekkisk kyrkje redda ved norske EØS-midlar |
Den 14. april var gjenopninga av den tsjekkiske landsbykyrkja i Grunta feira. Mariakyrkja hadde vore under restaurering i tre år, eit arbeid finansiert av norske EØS-tilskot gjennom Utanriksdepartementet via Riksantikvaren. |
|
|
| Registrering av grøn kyrkje |
Registering av grøne kykjelydar i Miljøfyrportalen opphøyrer, og alle kyrkjelydar, også dei som tidlegare har vore registrert, må registrere seg som på ny på "Kirka vår". Her kan du sjå webinar frå 2. mai om grøn kyrkje. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Frå pinse og to veker fram er det planlagt drop-in-dåp i kyrkjer over heile landet, og det er framleis mogleg å vere med! Kyrkjerådet sørgjer for annonsar i sosiale medium frå 6. mai, som gir synlegheit til arrangementa. |
|
Lokalkyrkja på kulturminnedagane |
Kulturminnedagane 2024 blir markerte frå 31. august til 8. september. Lokale kyrkjelydar kan vera med som arrangør og få vist fram kyrkja si. |
| Det er ikkje kvar dag det blir lagd ned grunnstein til ei ny kyrkje. Det skjedde 23. april i Sædalen med etterfølgjande folkefest. Kyrkja skal stå ferdig i november. |
|
|
|