Den norske kyrkja har eit breitt tilbod i advent- og juletida.
Ein av fire planlegg å gå på julekonsert |
Den norske kyrkja har eit breitt tilbod i advent- og juletida. Ei ny spørjeundersøking som Opinion har gjort for Kyrkjerådet, viser mellom anna at ein av fire har planar om å delta på julekonsert eller anna kulturarrangement i desember.
– Kyrkja sitt kulturtilbod betyr mykje for mange, og kyrkja har stor musikalsk kompetanse, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.
I ressursbanken.no ligg det informasjon om annonsar knytt til julaftangudstenester, artikkel til nettside, presse-idear og digitale tilbod. |
|
|
| Fem nye e-læringskurs om kyrkja i møte med eit fleirkulturelt samfunn |
Eit innføringskurs om dei tre fyrste kjenneteikna for Den norske kyrkja i møte med eit fleirkulturelt samfunn ligg allereie i ressursbanken. No er kursa for dei fem siste kjenneteikna klare. |
|
|
| – Å frata menneskjer deira grunnleggande behov kan aldri legitimeres moralsk, meiner Olav Fykse Tveit og Einar Tjelle i Den norske kyrkja. |
|
|
| Justerte sikringstiltak for Microsoft 365 i kyrkja |
Justerte sikringstiltak med auka brukarvennlegheit blir innført frå januar 2024 for å halde kyrkja sin informasjon trygg. Med Kirkens lokale skrivebord (KLS) blir du ikkje påvirka fordi pc-en er sikra. Beskytt kyrkja sine verdiar: Ikkje bruk skygge-IT, men jobb fra office.com. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Kirkens Nødhjelp er til stades i Ukraina, Gaza og Sudan på vegne av oss alle. Årets julekampanje har fått navnet "Eit barn fødd i krig", og peikar på born som vert født i bomberegn og angrep. |
|
Varmt møte med håp om lågare oppvarming |
I 26 varmegrader i Dubai deltek 70 000 mennesker på det 28. klimatoppmøtet, der målet er å finne felles og globale løysningar på klimakrisa. Einar Tjelle, internasjonal direktør i Den norske kyrkja, leiar ein interreligiøs delegasjon på møtet i Dei forente arabiske emirat. |
|
Nytt kurstilbod om krysskulturell identitet |
Det er utvikla eit nytt to-dagarskurs som i tillegg til Flexid-tematikk inneheld ein halv dag om tru, livssyn og identitet. Dette kurset er ei gullgruve for alle som jobbar med born og unge med ein fot i ulike kulturar. |
|
|
|