Nyheitsbrev frå NAV Hjelpemiddelsentral Vestland Bergen

Vi sender nyheitsbrev på e-post omlag ein gong i månaden. Brevet inneheld saker knytt til tenestene våre. Det kan vere informasjon om regelverk og rutinar, endringar i tenestetilbodet, kurs og liknande. Når du registrerer e-postadressa di samtykker du til at vi sender deg nyheitsbrevet, og at vi bruker e-postadressa til å gjere dette. Vi vil ikkje bruke e-postadressa til anna enn å sende deg nyheitsbrev. Du kan når som helst melde deg av brevet. Lenke til avmelding finn du i alle nyheitsbreva. Opplysningane du registrerer på denne sida blir lagra i ein eigen database. Den blir drifta av databehandlaren vår Make AS, og opplysningane blir ikkje delte med andre. Les meir i personvernerklæringa vår. Når du har registrert e-postadressa vil du få ein e-post som ber deg bekrefte adressa. Så snart du har gjort det, er du registrert som abonnent.